Frisk opning av folkemusikkveka

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frisk opning av folke- musikk- veka

Sundag kveld opna stortingsrepresentant og åling, Trond Helleland, folkemusikkveke nummer 37. No går det i eitt dei neste dagane.

Det var ein opning av det friske slaget. Danseprosjektet i Buskerud, Danseru`, serverte framsyninga "Trøyst". For å bruke orda til Helleland: Det gror i norsk folkemusikk. Og det viste ungdommane frå heile Buskerud til fulle.

Forrykande
Felespelaren Ragnhild Furebotten frå Målselv stilte med seks musikarar, ei blåserekkje av ypperste merke. Det vart då også ein konsert som det svinga av. Dei framførte eit knippe av hennar eigne låtar og nordnorsk folkemusikk. Publikum gav dei ståande applaus etter ein forrykande konsert.

Eit vågestykkje
Dei første folkemusikkdagane, som arrangementet heitte den gongen, vart arrangert i 1976. Den gongen var det eit vågestykkje å samle folkemusikkutøvarar på denne måten utan at dei konkurrerte, sa Trond Helleland. No har denne tradisjonen spreidd seg over heile landet.

Mykje spennande
På Folkemusikkveka møtest proffar og amatørar, her blir det framført tingingsverk og tradisjonsmusikk. Og det er mykje spennande i vente, i år også, varsla Trond Helleland.

LES MEIR I HALLINGDØLEN!