Heile bygda klar for finale

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

http://www.tv2underholdning.no/norsketalenter/— Det hadde vore stilig om to brunauga skjoldabuar skulle møtast i finalen, sa mor til Berge Ohm, Kristin Olson då dei møtte Gro Marit Messmer Larsen i dommarkampen på Lillestrøm tidlegare i vår

Jammen gjekk det troll i ord og kommande fredag er dei konkurrentar når finalen i «Norske Talenter» går av stabelen på Chataeu Neuf i hovudstaden.

Glade på kvarandre sine vegne
Likevel er det ikkje mykje som minnar om kniving og konkurranseinstinkt mellom Berge og Gro Marit, då Grannar får møta dei søndag formiddag. Dei har tydelegvis eit nært og godt forhold, og støttar kvarandre fullt ut. Berge har ikkje snakka med Gro Marit sidan ho fredag vann plassen i finalen, og møter henne med ein god klem. Gro Marit er overstrømmande glad for at det var Berge som fekk ein ny sjans, då han blei utpeika som «wildcard»

For begge talenta har livet endra seg ein smule sidan i vinter. Gro Marit har fått jobb i NAV på Karmøy og trivst svært godt både med jobben og i saman med sine nye kollegaer. No midt i sirkuset er det klart at det er travelt, men generelt har det vore rolege dagar, fram til no i alle fall.

For Berge er det også ein litt annan kvardag som pregar livet hans no enn før. Åttandeklassingen er midt i tentamen og prøveeksamen, og fotballsesongen går for fullt. På skulen får han vera «berre» Berge, og det syns han er godt. Han får ofte høyre at dei på skulen er stolte av han, og at dei støttar han.

— Det er godt å komma heim å slappa av også, seier talentet som etterkvart har opparbeida seg ein real fanskare, spesielt på Facebook. På tilhengarsida hans er det fleire tusen fans og på Berge sin personlege profil seier han sjølv at han har rundt 400 venner, men fleire tusen førespurnadar.

Sommarplanar
For vinnaren av «Norske Talenter» har nok TV2 ein finger med i spelet når det gjeld planar for sommaren. Det kan godt tenkjast at det blir ein sommarturné eller konsertar i diverse formar. Gro Marit har ingen spesielle planar for sommaren, så ho kan ta utfordringane på strak arm. Berge har allereie ein ganske trong timeplan. Han skal opptre ved fleire høve, mellom anna skal han på ein liten Haugalandsturné i saman med bandet «Cortina» frå Haugesund. På turnéen kjem bandet og Berge til å framføra låtar frå begge partar. Dette samarbeidet gler Berge seg svært mykje til, om han ikkje då skulle vinna heile konkurransen og måtte omgjera på planane.

Travel veka i vente
Denne veka vender begge talenta nasen mot aust allereie tysdag. Frå tysdag til fredag kjem det til å gå slag i slag. Pressa skal ha sitt, og det står både lydprøvar og sceneprøvar på timeplanen. Både Berge og Gro Marit gler seg til å komma til Oslo og bli kjend med finalistane. Nokon har dei blitt kjend med, då dei var på Lillestrøm, men begge gler seg no til å bli ein samansveisa gjeng.

— No er me komne så langt begge to, at det er berre å prøva å senka akslene og gi jernet, seier Gro Marit

Nervar og prestasjonsspenning er noko begge kjenner til, men det er nok Gro Marit som er mest kjend for å vera openlyst nervøs. Berge innrømmer gjerne at han er kjempenervøs han også, men han klarar å skjula det.

— Å ha nervar er bra det, seier Berge og smilar oppmuntrande til konkurrenten sin.

Begge talenta er i alle fall svært klare for den store finalen på fredag, og gler seg til showet startar. Gro Marit fortel at no skal ho berre fokusera på gleda det er ved å synga. Under semifinalen høyrde ho ikkje at songen byrja, då publikum applauderte så høgt og for henne vart det vanskeleg å ta seg inn igjen. No vil ho berre trø til og nyta den siste framføringa i konkurransen. Berge er også klar. Han stiller med sjølvkomponert song også denne gong, men har ikkje heilt funne ut kva for ein song han skal framføra. Dette skal han i samarbeid med musikkprodusent Jørn Dahl finna ut av når han kjem til Oslo.

Det er ei spanande veke dei no går inn i, og på fredag brakar det laus. Det er lita tvil om at dette på bygdeplan har skapa engasjement. Ordførar Arne Bergsvåg har bestilt buss og tilbyr 50 heldige gratis busstur både til Oslo og heim igjen. Skjold Arena vil ha vising på storskjerm og kven som vil, kan komma. Det er berre ein ting å seie: Tvi Tvi og heia Skjold.

LES OGSÅ i GRANNAR: Ordførar stiller med gratis buss