Vaktbikkja til alle unge arbeidarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som ein del av sommarpatrulja til LO vil Kine Dale, organisasjonsmedarbeidar i LO Hordaland, og Elise Dåvøy, ungdomssekretær i LO Bergen, hindra bergensungdommen i å bli utnytta av arbeidsgjevarane sine.

Korleis jobbar de?

– To veker kvart år er Sommarpatruljen på besøk hos over 5000 føretak rundt om i Noreg. Vi spør om vi får snakke med sjefen, og om det er greitt at vi pratar med dei tilsette. Viss det er ting å reagere på, snakkar vi med sjefen igjen og påpeikar at alt kanskje ikkje er heilt på stell. Dei får stort sett høvet til å retta opp der og då. Når problema er store sendaren vi saka vidare, anten til LO eller andre organisasjonar føretaket er medlem av.

Korleis veit de kva for stader de skal oppsøkja?

– Vi baserer oss på tips, og mottek som regel eitt til to per veke. Vi har ein annonse i gatemagasinet Megafon i juni, og står på stand laurdagen før vi skal patruljera. Vi sender òg ut ein pressemelding der vi oppfordrar til å sende inn tips om stader det kan vere hensiktsmessig å vitje.

Kva for type brot ser de oftast?

– Mangel på arbeidskontrakt, overtidsbetaling, lønnsslippar og timelister er typiske småting vi ofte ser. I hotell- og restaurantbransjen ser vi fleire mindreårige som står i bar og som jobbar nattevakter. Så er det gjerne eit par meir alvorlege tilfelle, der vi til dømes har observert arbeidarar utan sikring på tak. Då har vi ringt til Arbeidstilsynet, då det er dei som har styresmakt til å gripa inn.

LES OGSÅ: Underbetalt og redd for sjefen

Er nokre grupper meir utsett enn andre?

– Både ungdom i den første jobben sin og innvandrarar som jobbar i Noreg om sommaren veit ofte ikkje heilt kva for rettar dei har, og kva dei har krav på. Dei får lågare løn, og arbeidsforholda er generelt ikkje slik dei burde vere. Dei blir utnytta lettare fordi dei er uvitande om arbeidsmiljølova.

Har de nokre skrekkhistorier?

– For nokre år sidan hadde vi ei sak der eit firma opparbeida seg ein del gratis arbeidskraft ved å tilsetja personar i ubetalt prøvetid for så å sparka dei når prøvetida var over.

Vi har òg kome inn på arbeidsplassar der vi har reagert i tilhøve til korleis sjefen handsamar sine tilsette, då kanskje spesielt dei kvinnelege. Ofte ynskjer dei ikkje å gå vidare med saka i frykt for konsekvensane på arbeidsplassen. Men når vi ser tydelege teikn på trakassering, gjev vi klar melding til sjefen om at vi kjem til å ta det vidare viss ikkje det endrar seg.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

Still krav til sommarjobben!

Arbeidskontrakt
– Alle har krav på ein skriftleg arbeidskontrakt – uansett kor kort tid jobben varer.
– Arbeidsmiljølova vernar deg sjølv om du ikkje har kontrakt.

Opplæring
– Du skal ha løn i opplæringstida.
– Opplæringa skal blant anna omfatte: Korleis jobben skal utførast, kva for reglar som gjeld for helse, miljø og tryggleik og kva for reglar og lovar som gjeld på arbeidsplassen.
– Dersom det er påbode å bruke verneutstyr i jobben, skal arbeidsgiveren både skaffe og betale utstyret for deg.

Løn
– Utan medlemskapar i ei fagforeining er det ingen reglar som regulerer lønnsnivået ditt.
– Tariffavtale er ein avtale mellom ein arbeidstakerorganisasjon og arbeidsgiveren om lønnsnivå og andre tilhøve.

Lønnsslipp
– Det er arbeidsgiverens plikt å gje deg lønnsslipp. Viss ikkje arbeidsgiver betalar skatt av løna di vidare til skattemyndighetene, er det du som får smellen.

Trekk i løn
– Arbeidsgiver har ikkje løyve til å gjere trekk i løn eller feriepenger viss de ikkje har inngått avtale om det.
– Har føretaket tariffavtale er du sikra løn for alle «raude» fridagar. Utan tariffavtale har du berre krav på løn for 1. og 17. mai.

Overtid
– Overtidsbetaling er det tillegget du skal ha når du jobbar lengre enn ni timar om dagen og 40 timar i veka.
– Du skal ha minst 40 prosent tillegg når du jobbar overtid.

Viss du blir sjuk
– Dersom du har jobba i minst fire veker hos same arbeidsgiver har du rett til sykepenger frå første sykefraværsdag.
– Dei første to månadene av arbeidsforholdet må du ha sykmelding frå lege for å få rett til sykepenger.
– Arbeidsgiveren skal dekke løna dei første 16 dagane, deretter har du rett på sykepenger frå Folketrygden.

Løn ved konkurs
–  Du har krav på løn sjølv om arbeidsgiveren går konkurs, eller må innstille drifta på grunn av for stor gjeld.

Pauser
– Du har rett til minst ein hvilepause viss du jobbar meir enn fem og ein halv time om dagen.
– Har du arbeidsdagen til åtte timar, skal du ha minst pausen til ein halvtime i løpet av dagen.
– Viss du ikkje kan gå frå arbeidsstedet i spisepausen, skal spisepausen regnast som ein del av arbeidstida, og skal vere betalt.

Likestilling
– Likestillingsloven fastslår at gutar og jenter skal ha lik løn for arbeid av lik verd.

Feriepenger
– Du har krav på feriepenger uansett kor lang tid du har jobba.
– Både vanleg løn, tillegg og overtid skal regnast med i feriepengegrunnlaget.

Sluttattest
– Du har krav på skriftleg sluttattest som blant anna skal fortelje kva du har gjort og kor lengje du har jobba i føretaket.

Oppseiing
– Arbeidsgiveren må ha svært gode og saklege grunnar for å kunne seie deg opp. Det er ikkje god nok grunn å ikkje vere nøgt med arbeidsinnsatsen din.
– Ein oppsigelse må vere skriftleg for å vere gyldig.
– Oppsigelsestida er på minst ein månad og er den same anten du seier opp sjølv eller du blir sagt opp.

Kjelde: www.LO.no