På talefot med statsministeren

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På talefot med stats- ministeren

Om lag to timar etter skjema, sidan han måtte byta ut helikopterskyss med bil på strekninga Vågå – Årdal, kom statsminister Jens Stoltenberg til Årdal vidaregåande skule onsdag ettermiddag.

Der fekk han i vel ein halv time elevane i tale. Og dei godt førebudde elevrepresentantane kom med innspel til stasministeren om tema som arbeidsplassar og utbygging av aluminiumsverket til Hydro, so vel som sjukehussaka og datalagringsdirektivet.

På verket
Etter ein runde med roseutdeling på Torget i Øvre Årdal, stod besøk på aluminiumsverket på agendaen. Der fekk Stoltenberg og medarbeidarane hans sjå framtidas elektrolyseomnar på teknologisenteret til Hydro. Etter først å ha fått ei orientering om aluminiumsverket av representantar for leiinga i Hydro Aluminium.

Det var meininga at Jens Stoltenberg også skulle ein tur innom Utladalen naturhus under vitjinga i Årdal. Sidan reisefølget var eit par timar etter ruta, vart det ikkje noko av den delen av besøket.

LES SAKA I SOGN AVIS!