– Må bli dyrare å køyra bil i Noreg

Spesielt dieselen må bli dyrare, ifølgje klare råd frå OECD.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling la torsdag fram ein miljørapport om Noreg. På fleire område blir Noreg skildra som eit godt døme, men OECD meiner Noreg har vanskar med å nå dei vedtekne kutta i klimautslepp på 20 prosent innan 2020.

Transportsektoren står for meir enn ein tredel av norske klimagassutslepp. Her blir dei nødvendige kutta skildra som tøffe, upopulære og krevjande. OECD viser til at norske drivstoffavgifter har gått ned dei siste åra, justert for inflasjon, og organisasjonen ønskjer høgare drivstoffavgifter, spesielt på diesel.

Meir bompengar
I rapporten blir det også foreslått bompengar i heile vegnettet for å få inn 60 milliardar kroner årleg til kollektivutbygging, ifølgje Aftenposten.

Miljøminister Erik Solheim (SV) seier til avisa at å auka kostnaden for bilbruk i Noreg, er ein god veg for å nå klimamålet, som vart vedteken av alle stortingsparti unnateke Framgstegspartiet.

Auka avgifter
Leiar ved Transportøkonomisk Institutt, Lasse Fridstrøm, seier til Aftenposten.no at det vil vera meir effektivt å auka avgiftene på nye bilar som bruker meir drivstoff.

Han er redd ein stor auke i bensinprisane berre i Noreg vil føra til færre utanlandske bilturistar til landet vårt.

Kva meiner du er beste måten å kutta i utsleppa frå bilbruk?