Dei rike dreg frå dei fattige

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje ein fersk OECD-rapport er Noreg på 8. plass når det gjeld vekst i forskjellar mellom dei rike og dei fattige. OECD har då målt forskjellen mellom dei 10 prosentane med høgast inntekt og dei 10 prosentane med lågast inntekt i 27 land.

– At éin del av folkesetnaden rykker veldig klart ifrå, medan ein annan får kjøpekrafta svekkja kan vera problematisk. Men dette er ikkje situasjonen i Noreg. Her har vi hatt ein velstandsutvikling som er kome heile folkesetnaden til gode. Men dersom enkelte grupper skulle bli sosiale marginalisert me gripa inn, seier Torbjørn Røe Isaksen (H) til Dagsavisen måndag.

Dei ti prosentane som tente mest hadde ein vekst i inntektene på 2,7 prosent, medan dei ti prosent fattigaste hadde ein lønsvekst på 1,4 prosent.

Fleire fattige born
Kamp mot barnefattigdom har vore snakka mykje om i Noreg. Likevel veks talet på born i Noreg som lever i fattige familiar. OECD reknar med at 5,5 prosent av alle born i Noreg lever i fattige familiar. På midten av 90-talet var talet kring 4 prosent. Berre Danmark og Finland har lågare barnefattigdom blant dei 34 landa som er målt. Sverige er det landet som har den største prosentvise auken i barnefattigdom. Der har talet meir enn dobla seg, og er no på sju prosent.

– Sosiale ytingar til familiar må bli utforma for å stimulera til arbeid, men dei må òg gode til å verna dei mest sårbare. Elles risikerer me å skapa langvarige sosiale kostnader for framtidige generasjonar, sa generalssekretær i OECD, Angel Gurría, då han la fram rapporten om barnefattigdom nyleg.

OECD peikar på innvandring, arbeidsløyse og deltidsarbeid som forklaringar på aukande forskjellar.

Kva meiner du? Bør ein gjera noko med forskjellane, eller er det greitt at det blir større forskjellar mellom folk?