Kårar “Norges kulaste lærar”

Har du ein lærar som du set stor pris på og gjerne vil vera med å heidra? Då har du sjansen no.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NRK P3 ønskjer å kåra den kulaste læraren i landet, og gje både læraren og klassen ein super tur til Oslo og VG-lista Topp 20 på Rådhusplassen!

I dag går startskotet for konkurransen for skuleelevar i ungdoms- og vidaregåande skule. For å bli med, må elevane senda inn eit bilde av sin kule lærar der ho/han gir to tomlar opp.

Dei må og fylla ut eit skjema som ein finn her!

Topp 20-show
I Oslo ventar ein dag med overraskingar den 17. juni. Før VG-lista Topp 20-showet får klassen og læraren sjanse til å gå backstage for å helsa på alle gjestane og artistane. Når showet vert dradd i gang, får alle prima plassar rett framføre scena.

Duoen Erik og Kriss skal opptre under showet og trur at årets konsert vert den beste nokonsinne. Eit minne for livet for klassen og favorittlæraren deira.