La Norvège, douze points!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korleis har Eurovision Song Contest (ESC) utvikla seg som arrangement og som mediehending?

ESC er blitt verdas største TV-hending, med sjåarar også i andre deler av verda. Som arrangement har det utvikla seg heilt enormt. I dag består ESC av tre direktesendingar der ein brukar fleirfaldige millionar, og der mange tusen menneske er involvert.

I Noreg var kanskje konkurransen endå større i TV-monopolet si tid, men den er framleis stor. Finalen i Moskva i 2009 blei til dømes sett av to millionar nordmenn. Alle avisene brukar også veldig mykje spalteplass, både på den norske og internasjonale konkurransen.

Korleis vert arrangementet nytta som reklame?

Vertsnasjonane har i stor grad brukt sendingane til å visa fram landet sitt både i postkorta før innslaga og i pauseinnslaga. I masteroppgåva mi ser eg særleg på korleis Noreg gjorde dette både i 1986 og 1996. Me var opptatt av å visa korleis me skilte oss ut, mykje ved hjelp av flott natur. Denne nasjonalreklamen ser me att hos dei aust-europeiske landa i nyare tid, men dei er meir opptekne av å visa korleis dei er med i det gode selskap i Europa, og at dei er moderne nasjonar.

Men då Noreg arrangerte finalen i 2010 var den totalt blotta for nasjonalreklame. Slagordet var «Share the moment», og den europeiske fellesskapen var det viktige. Det er interessant, for det bryt med ein trend. Det blir spennande å sjå korleis Tyskland kjem til å gjera det i år, eg trur dei vil gjera som Noreg. Ein har lagt lista der, og i tillegg er Tyskland tradisjonelt forsiktige med å vera for nasjonalistiske.

Kor stort er ESC i resten av Europa?

Eg trur det er stort i Aust-Europa og i Skandinavia. Men i land som Tyskland, Nederland og i Sør-Europa trur eg ikkje folk flest er så opptekne av konkurransen. Italia har jo til dømes ikkje vore med på ei stund.

Før vart kanskje Melodi Grand Prix (MGP ) sett på som harry, men har konkurransen fått ein opptur dei siste åra?

På 50- og 60-talet var det eliten av popkultur som var med i MGP, men så blei det gjerne litt harry å vera med. Blant norske artistar har det gjerne blitt meir akseptert dei siste åra, men det kan like gjerne vera fordi NRK har utvida eventen med fleire sendingar. Kanskje er fleire artistar villige til å stilla opp i konkurransen fordi den no har større kommersiell verdi. Likevel, i fleire krinsar vert nok framleis deltaking i MGP sett ned på.

Å sjå på MGP er heller ikkje så flaut lenger. Før gjorde ein det gjerne meir i skjul, men no lagar mange Grand Prix-festar og liknande, sjølv om dei ikkje synst musikken er så fantastisk bra.

Korleis har Aust-Europas inntog påverka konkurransen?

Musikken har i alle fall blitt meir etnisk, og kanskje fått eit meir nasjonalt preg. Enkelte vest-europeiske land har hevda at Aust-Europa har brakt dårlegare kvalitet og større fokus på kostyme og show med seg. Då aust-europeiske land vann mange år på rad fekk dei mykje kritikk, og enkelte hevda dei rotta seg saman og at ein måtte ha to ulike konkurransar heretter.

Det var nok difor eit lurt grep ein gjorde i fjor, der ein prøvde å sameina Europa, og fokusera på at alle deler det same, og at det er det som er unikt.

Kva er din favorittsong frå ESC?

Det må vera «Fångad av en stormvind» med Carola frå 1991, med vindmaskin, fengjande refreng og modulering. No er desse svenske ABBA-refrenga kanskje litt utdaterte, men eg er litt gammaldags.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

EUROVISION SONG CONTEST
– Musikkonkurranse for medlemslanda i Eurovision Broadcasting Union.
– Har blitt arrangert årleg sidan 1956.
– Vert i Noreg kalla Melodi Grand Prix.
– Er eit av dei lengstlevande TV-programma i verda.

Silje Marie Hatlestad skriv masteroppgåve i medievitenskap ved UiB, med tittelen «Good evening Europe, this is Norway».
Avhandlinga ser på korleis Noreg framstiller seg sjølv i Eurovision Song Contest dei tre gongane me har arrangert finalen i 1986, 1996 og 2010. Den ser også på finalane som ledd i utviklinga av den europeiske fjernsynskulturen.

Følg Melodi Grand Prix på Twitter: