Vil ha innspel frå ungdom

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korleis skal ein finansiera velferdsstaten når det blir færre yrkesaktive bak kvar pensjonist? Finansministeren er oppteken av at vi som lever i dag må dekke behova våre utan å øydeleggje komande generasjonar sine høve til å dekke sine.

– Ikkje berre borna våre – men òg borna deira – skal kunne vekse opp i eit godt samfunn. Det krev at me forvaltar dei ressursane vi har fått frå foreldra våre og besteforeldre berekraftig. Skal vi oppfylle generasjonskontrakten, må vi halde orden i økonomien og forvalte ressursane våre på ein god måte, sa Johnsen til Barne- og ungdomstinget til Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner 29. april.

Inviterer til ungdomskonferanse
For å få innspel til korleis desse utfordringane kan løysast, inviterer finansministeren til ein eigen ungdomskonferanse. I 2013 skal regjeringa leggje fram ei perspektivmelding, eit langtidsprogram der dei skildrar utfordringane fram til 2060.

LES OGSÅ: Bruker pengane til unge og ufødde

– Eg kjem ikkje til å vere aktiv politikar når desse utfordringane for alvor melder seg, sjølv om me har byrja å sjå teikn til dei allereie i dag. Det er dykk som skal prege samfunnsutviklinga i tiåra framover. Å snakke med dykk gjev verdifulle innspel til diskusjonen om korleis vi skal løyse desse utfordringane, sa finansministeren til delegatane på Barne- og ungdomstinget.

TEMA: SAMFUNNSØKONOMI!

– Me er veldig entusiastiske og glade for at det kjem ein eigen ungdomskonferanse, og me håpar at fleire politikarar vil ta dette dømet til etterfølging, seier leiar i LNU, Gunhild G. Stærk til LNU.no.

Sjå talen til Sigbjørn Johnsen her: