Samuraistudentane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samurai- studentane

Skrika gjallar i veggene lengje før vi kjem fram til gymsalen på Blindern Athletica. Vi har allereie passert to krigarar utanfor inngangen. Med kvar røyken sin mellom fingrane såg dei ikkje spesielt eksotiske eller farlege ut.

Inne på kamparenaen dansar to rustningkledde soldatar armert med bambussverd rundt i ein ring av teip. Belte, drikkeflasker, hjelmar og hanskar ligg strødd rundt i lokalet. Sveittelukten er påtrengsnde. Det er magert med publikum.
Vi er på NM i Kendo.

Kendo? Kva i all verda er det?

– Det er japansk fekting i full rustning, fortel Tint Resch.

Ho har drive med Kendo i fire år.

– Men all denne skrikinga?

– Ki-ai blir kalla det. Det er for å byggje opp seg sjølv til angrep. I tillegg ropar ein ut der ein treff motstandaren. Treffer eg handleddet, ropar eg «Kote!». Det er kontrollert aggresjon.

I fotball er det heilt vanleg å skjelle ut dommaren og krangle med både spelarar og trenarar. Frå tribunane blir ropt det «dommarjævel!» og rasande publikummarar kastar flasker og stein mot banen. Slik oppførsel eksisterer ikkje i Kendo. Dommaren har total respekt og på treningane til OSI Kendo helsar utøvarane ordentleg på kvarandre før dei tek oppstilling.

– Du diskuterer heller ikkje med instruktøren viss du gjer feil. Det læraren seier, gjer du, seier Resch.

Det er pause i arrangementet. Kendo-krigarane tek våpenkvile og finn fram brødskiver med pålegg. Akkurat som på 1600-talet. Rykta svirrar om ein 5. dan (høgaste gradering i Noreg) som er tilstades, men vi finn han ikkje. Kanskje han har evna til å operere i kulissene, usett av alle? Eg ser for meg ein beintøff Kendo-meister. Ei norsk utgåve av Mr. Miyagi. Ein ekte Sensei.

Plutseleg stryk ein gråhåret mann forbi.

– Der er han, seier Resch og peikar på Magnus Rygh, den omtalte 5. dan.

Han skal i elden rett etter pausen, så vi hastar etter for å få nokre visdomsord.

– 8. dan får eg aldri. Eg fyller 50 i år, så eg kan moglegvis nå 7. dan. Men det tek tid på dette nivået.

Magnus Rygh har halde på med Kendo sidan 1986 og fekk 5. dan for seks år sidan. Han er forbi det tekniske no. For å kome vidare må det mentale perfeksjonerast.

– Det må vere logikk i alt eg gjer under kampen. Det blir sånn zooma inn på deg.

Vegen til toppen i Kendo er lang ferd. Det tek minimum 28 år å nå 8. dan, ei grad ingen i Europa har nådd enno. Nivået er himmelhøgt. 8. dan-eksamen blir rekna for å vere den vanskelegaste eksamenen i verda der over 99 prosent stryk.

Rygh vandrar rundt medan han preikar oss om bambussverda og viser korleis dei skal haldast. Den vanlegaste nybyrjarfeilen er å bruke for mykje krefter. Sverdet skal ikkje brukast som ei øks. Rørslene skal vere mjuke og ledige.

– Eg skal opp mot den bamsen der borte, seier Sensei Rygh.

Han nikkar i retning ein diger, kortklipt kar som tek på seg rustninga. Ken Rune Helland, 4. dan i OSI Kendo, er første hinder i sluttspelet. Det er duka for eit meistermøte.

Det er stille før stormen. Pausen er straks over og stemninga byrjar å bli spent. Noko stort er i emne. Eg freistar å drøyme meg bort til eit japansk slag for 400 år sidan, men alle dei usexy kartongane med appelsinjuice øydelegg. Dessutan er det få deltakarar som eigenleg minner om ekte krigarar. Det er mykje pondus, for mange overtrekksjakker frå tidleg 90-tal, og eg tenkjer tilbake på Kendo-utøvaren med sneipen i handa som ynskte oss velkomme.

Magnus Rygh knyter eit band med japanske teikn rundt hovudet. IT-sjefen, systemarkitekten med cand. scient.-grad, er no ein japansk meisterkrigar klar til kamp. Den totale stilla i salen når kampen blir skrike i gang av hovuddommaren gjev frysningar og stenger ute den intense sveittelukta.

Action! Med sverdet heva utstøyter Rygh det som må vere dagens høgaste kampskrik og gyv laus på motstandaren sin. Begge får til imponerande slagkombinasjoner, men poenga uteblir. Kamphanane får ein liten pause før Sudden death byrjar. Begge to hiv etter pusten. Tre minutt høyrest lite ut, men alle som har freista kampsport veit at det er nok til å bli heilt utmatta.

Men kva får ein student til å byrje med Kendo? Berre prisen på utstyret som trengs er avskrekkande: Full rustning kostar frå 2500 til 10 000 kroner. Mange av medlemmane til OSI Kendo har alltid hatt interesse for kampsport og ville prøve noko nytt. Andre studerer japansk.
Kampen byrjar igjen og vi observerer spente fjes overalt. Alle fokus er retta på duellen. Plutseleg smell det skikkeleg og alle klappar. Helland har klart det. Han har sigra over læremeisteren sin.

– Jamn kamp, begge gjorde det bra. Så fekk eg inn eit godt treff, seier ein andpusten Helland.

– Han fekk det for billeg! Eg får gå bort og preike dommarane litt. Men spelt er spelt, sukkar Rygh.

NM-gullet hamnar hos Ambjörn Holmqvist frå Sverige. Her er det noko skurrar. Ein svenske som vinn NM? Men svensken har norsk pass. Då så. Sølvet går òg til ein svenske med norsk pass – Joel Nordström frå Luleå. Marianne Skiftesvik frå OSI Kendo kaprar bronsen.

For Ken Rune Helland enda eventyret allereie i kvartfinalen. Men han vann i alle fall meistermøtet.

LES SAKA I UNIVERSITAS (på bokmål)!