Få unge i lokalpolitikken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Få unge i lokal- politikken

– Me ynskjer å fokusera på korleis ein kan få fleire unge inn i politikken, og kvifor dei ikkje er med i dag, seier Alf Aronsen, som sit i programkomiteen for Stordtinget.

SEI DI MEINING: Kva skal til for å få fleire unge inn i lokalpolitikken?
 
Vil ha samfunnsengasjement
Stordtinget er eit nytt forum for offentlege debattar på Stord, og skal vera med på gjera innbyggjarane på Stord og i Sunnhordland meir samfunnsengasjerte.

Og det er mangel på unge i lokalpolitikken som er tema for debattmøtet neste onsdag på Arena i Leirvik sentrum. Her kjem ordførarkandidatane til dei politiske partia på Stord. Dessutan kjem tidlegare lokalpolitikar Anne Kristin Rønsen og elevrådsleiar ved Stord vidaregåande skule Christopher Kvarme.

Målet er å få eit svar på kvifor dei unge er fråverande i lokalpolitikken på Stord.
 
Eldst i Arbeidarpartiet
For tala er klare: Snittalderen for kommunestyret på Stord er, ifølgje utrekningar frå programkomiteen, over 50 år.

Og snittalderen for alle dei som står på listene til valet i haust, er 47 år.

Ser ein på ordførarkandidatane, er snittalderen den same. Eldst er Arbeiderpartiet sin Harry Herstad med 65 år, yngst er Raudt sin kandidat Lone Jørgensen med 23 år.

Direktør ved Høgskolen Stord/Haugesund (HSH), Rune Jørgensen, meiner ein ser ein tendens til at mange unge vel å ytra seg andre stader enn i politikk.

– Dei aksjonerer for barnehagar, skular, betre veg og ei rekkje andre føremål. Men det er ikkje så ofte ein ser at dei ynskjer å vere ein del av lokalpolitikken, seier han.

Frå kaffibord til offentleg debatt
Mediehuset Sunnhordland og Høgskulen Stord/Haugesund står bak Stordtinget. Ansvarleg redaktør Magne Kydland seier at lokalavisa skal vera med å setja dagsorden og skapa debatt. Men ikkje berre i avisspaltene.

– Me har fått innspel om at ein saknar ein arena for gode debattar lokalt, slik dei har i større byar, og målet er å få opp samfunnsengasjementet på Stord. Så kva er betre enn å lansera dette i eit valår? Me trur at eit skikkeleg forum for gode debattar er sårt tiltrengt her i kommunen, seier han.

Rune Jørgensen i HSH meiner det er positivt med eit debattforum som også går ut over media sine spalter, og at ein på den måten kan vera med på å skapa ein meir levande debatt.

– Me har vore med på noko tilsvarande i Haugesund, der me mellom anna har diskutert media si rolle i regional utvikling, Stoltenberg-utvalet sin rapport om narkotika, og kor kulturmidlane i Haugesund vert brukte, seier Jørgensen.

Alf Aronsen seier ein med Stordtinget har eit mål om å ta debatten rundt kaffiborda på Stord ut i det offentlege rom.

Håpar på mobilisering
Lokalpolitikk er vald denne gongen. Men andre aktuelle tema kan vera alt frå sjukehusdebatten, eldreomsorg, miljø og trafikktryggleiken på E39 – til mindre, men også engasjerande, saker som kva retning Stord fotball bør gå og korleis gjera Leirvik sentrum meir attraktiv både arkitektonisk og handelsmessig. Tanken er å arrangera tinget nokre gonger i året.

– Me ynskjer å ta opp dagsaktuelle og politiske tema av ålmenn interesse, med ein dyktig ordstyrar som gjerne kan variera frå gang til gang, seier Kydland.

Gjengen bak Stordtinget håpar på godt oppmøte neste onsdag, og at både politiske parti, høgskulen, vidaregåande skular, og andre mobiliserer, og at dei aktivt bidreg i debatten. Møteleiar første gongen vert Sunnhordland-journalist Anders Totland.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!