Hjartelyd frå 1991

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barndomsvenninner
Vokalist Marie Amdam og gitarist Maria Råkil møtte kvarandre allereie på fødestova. Dei er fødde med éin dags mellomrom, og foreldra deira kjende kvarandre frå før. Jentene voks opp saman i Bergen, og då dei begynte på barneskulen, vart dei kjende med Marie Moe-Karlsen og Embla Karidotter Dahleng. Desse fire var det som starta bandet Razika i 2006, med Marie M-K på bass og Embla på trommer.
Sjølv om dei berre var 15 år gamle då dei starta, vart dei raskt lagde merke til i musikkmiljøet i Bergen. Kanskje fordi det framleis blir sett på som spesielt at eit band består av berre (unge) jenter – men også fordi dei raskt vart gode, og skilde seg ut i musikkstil og attityde. Den første utgåva av Razika var, slik førsteutgåver ofte er, eit coverband; dei spelte låtar av blant andre Bob Dylan og The Coral. Då dei begynte å lage låtar sjølve, var det i første omgang punk dei spelte.

For unge
Namnet Razika dukka i grunnen opp før bandet. Ei kul, lita jente i nabolaget heitte Razika, og dei fire venninnene begynte å bruke namnet som kodeord for fine gutar. Om ein gut var fin, var han razika. Då dei året etter begynte å spele saman, vart ordet vidareført som bandnamn.

Dei første to åra spelte Razika mange konsertar i Bergen, på utestader som dei var for unge til å komme inn på. Som oppvarmingsband har dei spelt for blant andre Matias Tellez. I 2008 vart songen Kommando teken med på Erlend Øye og Mikal Telle sitt samlealbum frå Bergen, Opplett. På denne tida var lyden av Razika framleis mest lyden av punk – men seinare la jentene sin elsk på skaen, og begynte å lage låtar innanfor denne sjangeren.

SJEKK UT MUSIKK-SIDENE VÅRE!

EP-en dei gav ut i 2010, hadde to songar, Nytt på nytt og Taste my dream, som begge var tydeleg inspirerte av ska. Songtekstene var denne gongen skrivne på engelsk. Det er Marie A og Maria som skriv tekstene til Razika, og dei meinte at det måtte vere ein fin ting å kunne byte mellom språka. I februar 2010 vart Taste my dream plukka ut til Ukas Urørt på P3. Det var perfekt timing for Razika, for same veke spelte dei på by:Larm i Oslo, og fekk dermed ekstra omtale.

Tenåra er over
Hausten 2010 vart Razika nominert til Urørt-finale, men var ikkje blant banda som til slutt fekk vere med. Derimot fekk dei platekontrakt med Smalltown Supersound, og vart på nyåret 2011 booka både til Øyafestivalen og Hovefestivalen. Tidleg i februar 2011 kom den første singelen frå albumet, Vondt i hjertet; ein poplåt, med ska i botnen. Vondt i hjertet vart raskt ein farsott, og då bandet på nytt spelte på by:Larm to veker seinare, kunne alle i publikum syngje med. Songen fekk dessutan svært god omtale av musikkmeldarar, og forventningane var derfor store framfor førstealbumet. Program 91 som kjem ut i mai, rett etter at Marie A og Maria fyller 20.

Artikkelen stod først på trykk i Norsk Barneblad.