Ungdomsbedrifter blir bedrifter

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdoms- bedrifter blir bedrifter

Dette viser ei fersk undersøking som Ungt Entreprenørskap har gjennomført i samarbeid med Nordea.

Undersøkinga gjennomført blant alle elevar som har drive ungdomsbedrift dette skuleåret.

51 prosent av dei som svara seier dei ser for seg at dei kjem til å starte føretak ein gong, anten åleine eller i samarbeid med andre.

56 prosent har svara at «Arbeid med Ungdomsbedrift har ført til at eg veit meir om kva eg er god til».

Fremjar stå-på-vilje
– Entreprenørskap handlar om å sjå nye høve – i seg sjølv og rundt seg – og gjere noko med dei, seier Anne Kathrine Slungård, administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap, som arrangerer NM for ungdomsbedrifter.

– Undersøkinga viser tydeleg at elevar som driv ungdomsbedrift ser fleire høve for framtida si. Dei har fått ei praktisk erfaring med at det går an lukkast om ein står på. Dei som har kome så langt som til NM, har òg fått oppleve meistringsglede og smak av suksess.

Slungård understrekar at røynslene til elevane og innsikt vil kome både dei sjølv og samfunnet til gode gjennom auka verdiskaping.

400 gründerar
I dag, torsdag, og i morgon deltek 400 unge gründerar i NM for ungdomsbedrifter. Det blir konkurrert i totalt 17 ulike kategoriar. Vinnaren av den gjevaste prisen, Årets ungdomsbedrift , skal representera Noreg i EM i august i Oslo.

Ungdomsbedriftene som har nådd fram til NM har kvalifisert seg gjennom fylkesvise konkurransar, og dei har alle vorte kåra til dei beste i fylka sine.