Osama og avisene

Olav Magnus Linge
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg orkar ikkje debattere Osama bin Laden. Han var ein massemordar med uhyrleg lite sympatiske standpunkt og endå mindre elskverdige måtar å framsetje dei på. No er hand død. Ferdig.

Eg orkar heller ikkje diskutere USA. USA nyttar valdsmakt for å fremje sine interesser. Titusenvis er døde i Irak og Afghanistan i ulovlege okkupasjonskrigar. Amerikanske våpen og dollars sikrar nattesøvnen til diktatorar og terroristar verda over. 11. September 2001 vart USA utsett for eit brutalt terroråtak. Uansett kva ein tykkjer om amerikansk politikk før og etter det, var desse grove brotsverk mot menneska. Dei som stod bak bør straffeforfølgjast og dømmast strengt. Ferdig.

Men når USAs drap på Osama bin-Laden utløyser kollektiv feiring i norske avisredaksjonar er vi nøydd til å ta debatten. Avisenes “bin Laden-ekstra”, er rettsstatlege nekrologar. Krydra med nasegrus USA-lojalitet og islamofobi.

For det første: Kva er det som taler for at likvideringa av ein terrorist er ein siger for ”Retten”? Er det slutt på den tida då spørsmålet om korleis ein handsamar brotsmenn heng saman med rettslege og juridiske vurderingar? Eller er det rett og slett sånn at alle USA meiner er skurkar, uansett skal drepast? Rettstat eller ikkje? Og moralen til side: Er det verkeleg ingen journalist som har matvit nok til å tenkje over kva scoop bin Laden tek med seg i grava? Eg trudde kanskje at spørsmål som kven verdas mest ettersøkte man samarbeida med, om han fekk pengar av nokon, eller kven som kjende til kor bin Laden oppheld seg, var av interesse for den frie pressa. Kanskje til og med av så stor interesse at ein og annan redaktør ville nytta sjansen til å la seg irritere over at ingen nokon gang vil kunne stille dei spørsmåla, verken journalistar eller advokatar.

For det andre: Barack Obama nytta sin tale til å åtvare mot å dra Islam og muslimar inn i debatten om terror og krig. Bin Laden var ”ikkje ein muslimsk leiar” sa Obama i talen sin. Dette held ikkje for til dømes VG. Noregs nest største avis plasserar seg trygt til høgre for USAs president.

VG nyttar høvet til å la trommene virvle over ”demokratiet, friheten og modernitten” i vesten i kontrast til ” religionsbundne lover” og ”middelalderske doktriner.” Leiartartikkelen med den illustrerande tittelen ”Retten seiret” dreg det heilt ut: det ”viktigaste ”med aksjonen er i følgje VG at ”muslimer verden over har fått symbolisert at det ikke er formålstjenlig å begå terror og drap i islams navn” Dersom muslimane har noko å klage på får dei rak beskjed ”Heller enn å sprenge seg selv og andre i luften, bør de forsøke å løse sine problemer og traumer ved å reformere sine egne samfunn og sin egen tro. ” VGs verdsbilete er like ukomplisert som det er kvalmande: muslimane er “dei,” og “dei” vil blåse seg sjølv til himmels for å innføre middelalderlover og religionshysteri. Vi i vesten har fridommen, demokratiet og rettstaten. Difor kan vi drepe kven vi vil. Når vi vil.

Finst det noko betre tidspunkt for å skru på medienes kritiske søkjelys enn når verdas mektigaste militærmakt avrettar ein av verdas mest hata men, utan lov og utan dom? Ein eller annan redaktør burde kjenne seg kalla til å svare på det spørsmålet.