Ei varmare og våtare framtid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korleis vil du beskrive vèret i april?

Byrjinga av månaden var ikkje så spesiell. Det er jo først no i siste halvdel at vi verkeleg har sett forskjellar frå det som er normalt. Men likevel har kvar dag vore høgare i temperatur enn i fjor, og i siste halvdel har vi hatt nokre toppar som til dømes 23. april. Normaltemperaturen for denne dagen er ca. 7 grader, medan vi i år var oppe i 20 grader.

Kan du seie noko om utviklinga frå tidlegare statistikkar?

På Florida er det gjort målingar sidan 1949, men vi har ikkje grundige analysar av denne stasjonen. Rapporten «Klima i Norge 2100» viser at vårtemperaturen på Vestlandet har stige med litt over 0,7 grader i perioden 1900-2008, i lag med ein nedbørsauke på 20 prosent for same perioden. Ser vi på klimasimuleringar for dei komande hundre åra, forventar vi ikkje ein slik auke før om 50-100 år. Det er difor eit svært interessant spørsmål kvifor vi har observert ein så stor auke i nedbør over denne perioden, og om den vil fortsetje eller minke.

Kvifor har årets april blitt så varm?

Temperaturane våre blir bestemt av lågtrykk. Dersom lågtrykksbanene treff nord for oss, får vi ofte slikt vèr som vi har no, nemleg tørt og fint. I tillegg får vi høgtrykk sørfrå som dyttar lågtrykka opp og forbi oss. Dette gjer at vi får varmt og fint vèr.

Kan vi snakke om ei klimaendring?

Nei, ikkje når det gjeld denne korte perioden. Variasjonar frå veke til veke, månad til månad og år til år, er variasjonar som kjem og går, og er heilt naturlege. Klimaendringane er meir langsame og går føre seg over lengre tid. Dei kjem oppå variasjonane vi ser frå år til år.

Kva konsekvensar kan dei føre til?

Først og fremst er det sjølvsagt drivhuseffekten som gir høgare temperatur på jorda. Konsekvensane av drivhusgassar er eit stort problem, og eit viktig forskningsområde som vi overvakar nøye. Simuleringsmodellane våre for hundre år fram i tid, viser at det er sannsynleg at lågtrykksbanene vil gå litt lenger nord om vinteren. Slik har altså drivhuseffekten både ein direkte og ein indirekte effekt. Den varmar dei låge atmosfærelaga, samstundes som den kan føre til litt nordlegare lågtrykksbaner, og såleis gir den ei ekstra oppvarming i denne sonan. Dette vil gi oss mildare og våtare vintrar.

Kva vil dette bety for livet på jorda?

Våtare vintrar vil ha innverknad på infrastruktur, byggjebransjen og kraftbransjen. Endringane er ikkje så alvorlege for oss her i nord, mens i sør forventar ein mellom anna eit tørrare klima og det er alvorleg fordi der er det allereie ein marginal tilgang på vatn til jordbruk. Dette vil gi utslag på mattilgangen. I tillegg kan ein forvente at havet stig fordi temperaturen i havet stig, og fordi innlandsis smeltar og renn ut i havet. Vasstandsendring vil vere ujamn fordi strøm og dynamikk vil fordele vasstandsendringa ujamnt. Ein kan òg vente seg surare klima i havet fordi PH-verdien går ned med auka CO 2 -innhald, fordi vi har meir CO2 i atmosfæra. Dette vil ha negative følgjer for dei marine økosystema.

Korleis kan utsleppsreduserande tiltak hindre oppvarminga?

Om vi stoppar utsleppa av drivhusgassane i dag, vil det framleis vere mykje oppvarming som ikkje er realisert på grunn av dei utsleppa vi allereie har gjort. Det kan ta opp til eit par hundre år før oppvarminga stoppar, sjølv om vi stabiliserer drivhusgasskonsentrasjonen no. Drivhusgassane medfører klimaendring, men det tek tid å konstatere dei på grunn av dei naturlege svingingane, gjerne ein mannsalder. Det er viktig å følgje med på dei små endringane over lang tid, og om frekvensen av slike episodar endrar seg over tid.

LES SAKA I STUDVEST!

Er du redd for klimaendringane? Korleis meiner du ein kan kutta i klimautsleppa?

Faktaboks

APRILVÈRET
    * Normalperioden for samanlikning er 1960-1990.
    * Normal gjennomsnittstemperatur for april månad er 5,9 grader.
    * Gjennomsnittet for april 2011 er 9,5 grader.
    * Varmaste dag i Bergen var 23. april som vart målt til 21,3 grader.
    * Kaldaste dag i Bergen var 9. april som vart målt til 1,6 grader.
Kjelde: Met.no