Psykisk liding kravde nytt miljø

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vilde (21) har i fleire år hatt to psykiske lidingar samstundes; kombinasjonen ADHD og Bipolar liding. Etter at ho fekk diagnosane, har ho hatt mindre plager, takka vere medisinar og tilrettelegging. Men det var ikkje før ho vart ferdig med vidaregåande at ho fekk nære vener i eiga klasse.

Vilde har vald å vere anonym i denne artikkelen.

Oppøving i sjølvkontroll
­- Var det tøft å få vite at du hadde ADHD?

– Eg ville gjerne vere flink på skulen, men klarte ikkje konsentrere meg. Å få diagnosen gjorde meg både flau og sint. Etter kvart kom eg likevel fram til at det var best å vite om sjukdommen, slik at eg forstod kvifor eg hadde så mykje rastløyse. Og medisinane hjelpte.

Vilde er for tida på besøk hjå vener, og sit i stova i kollektivet deira. Ho snakkar fort og engasjert.

– Korleis er det å leve med dette?

– Eg merker det dagleg. Til dømes når eg får tankekjør. Eller når det vert vanskeleg å halde ein samtale i gong, fordi eg så lett vert distrahert. Eller viss eg gløymer avtalar, og ikkje klarer å få med meg ting som blir sagt.

Sjølv om Vilde opplever at det er utfordrande å ha eit slikt problem, ynskjer ho ikkje at andre skal ha lågare forventningar til henne:

– Eg synest ikkje ADHD skal vere ei unnskyldning for å gjere uansvarlege ting. Sjølv lærer eg iallfall best å takle symptoma ved å bli møtt med same krav som alle andre, og øve på alternative måtar å innfri desse.

– Kan du gje nokre døme?

– Mellom anna har eg blitt flinkare til å skrive ned avtalar. Og eg øver meg på å ikkje avbryte andre sjølv om eg får nye impulsar heile tida. Eg trur sjølvkontrollen kan trenast opp hjå dei fleste.

Alle har noko å stri med
– Korleis fann du ut at du hadde endå ein diagnose?

– Då eg byrja på vidaregåande, syntest eg ikkje at eg var som dei andre. Ein dag følte eg at eg kunne klare kva som helst, og neste dag var alt umogleg. Dei enorme humørsvingingane gjorde meg utrygg og sliten. Då eg søkte på nettet, fann eg plutseleg diagnosen Bipolar liding, det som tidlegare vart kalla Manisk depressiv. Då fall alt på plass.

– Var det annleis å få denne diagnosen enn ADHD?

– Ja, det var veldig godt ifrå fyrste dag. Eg fekk meir sjølvinnsikt, samtaleterapi og medisinar som fungerte. Men det var samstundes vanskeleg i forhold til skulemiljøet.

– På kva måte?

– Dei i klassa tok mykje mindre kontakt med meg då eg byrja å ta imot psykiatrisk hjelp. Eg trur dei var for travle eller engstelege til å engasjere seg i livet mitt. Difor var det ein periode i tredje at eg ikkje turte å halde fram med behandlinga.

– Men det gjekk over?

– Etter vidaregåande byrja eg på bibelskule. Der fekk eg vener som skjønte at det ikkje var grunn til å vere engsteleg, nettopp fordi eg tok imot profesjonell hjelp. Når dei bad for meg, kjente eg meg ekstra fredfull. Dessutan vart eg ikkje lenger så annleis, sidan eg også kunne støtte andre i utfordringane deira. Alle har jo noko å stri med…

LES SAKA I MAGASINETT!