For tre år sidan gjekk dataspelindustrien forbi filmindustrien i storleik. Verda bruker no tre milliardar timar i veka på spel. Bekymra?

Lars Fredrik Lund Godbolt/Under Dusken
Lars Fredrik Lund Godbolt/Under Dusken

«Gaming kan redde verda», hevdar Jane McGonigal i boka Reality is Broken. I fullt alvor hevdar ho at vi må spele tre gonger så mykje som no om vi skal klare å redde verda. Kva ligg bak dette – er ikkje å spele dataspill å kaste bort tida si? Forsking kan tyde på det motsette. Det er snakk om at mekanismane som gjer spel så populære bør vere overførbare til det verkelege livet og dermed gjere menneske meir effektive og uthaldande i oppgåvene sine.

Potensialet til dataspelet
Psykolog Rune Mentzoni forskar på innverknaden dataspill kan ha på spelaren. Han trur ein av grunnane til at spel er såpass populært, er tilbakemeldinga dataspel gjev spelaren.

– Eian får ein jamn straum av feedback om korleis ein gjer det i spelet, og presterer ein ikkje bra så får ein konkret informasjon om kva ein burde gjere for å prestere betre.

Mentzoni meiner vi med fordel kunne overført desse mekanismane til det daglege livet vårt.

– Desse mekanismane som fungerer så godt i spel og som gjer at folk likar spel – det må restane lære av så vi kan leggje opp resten av samfunnet på liknande måtar. At ein får liknande tilbakemelding og respons frå skulen, at ein veit kva som skal til for å nå «neste nivå».

Rune Håkonsen, speljournalist hos NRK, støttar Mentzoni og forklarar eit liknande fenomen, «gamification».

– Omgrepet går ut på å overføre spela til kvardagen vår, ikkje berre til skule og utdanning. Å lage spel ut av daglegdagse gjeremål for å motivere folk.

Psykolog Mentzoni fortel at eit døme på dette kan vere nettstaden Chore Wars.

– Det er eit slags rollespel der ein til dømes kan registrere kollektivet ditt og kven som gjer kva av husarbeid. Deretter får ein poeng og går opp i level basert på kor mykje husarbeid ein gjer, seier Mentzoni.

LES OGSÅ: Knuser mytar om dataspeling

Journalist Håkonsen trur dataspel kjem til å bli stadig viktigare i liva våre.

– Særleg som forteljande medium trur eg dataspel vil få aukande tyding. Slik som Facebook plutseleg har vorte ein del av og endra det vanlege livet vårt trur eg òg spel kjem til å endre måten vår å leve på.

Å redde verda
Håkonsen meiner ein av dei sterkaste argumenta i boka til McGonigal er at speling er ein av dei enklaste måtane å få oss til å endre åtferd på.

– Vi må sjå nytten av å spele og ved hjelp av desse elementa lære menneske viktige verdiar. Viss vi brukar spel til å lære oss resirkulering eller korleis å bruke mindre straum. Vi kan ta i bruk spelelement for å få oss til å endre åtferd.

Dette er meir nærliggande enn vi trur. McGonigal og teama hennar har designa fleire spel som ligg på nettet som lærer spelarar korleis å leve i ein oljefri verda, kva ein kan gjere om vi får melding om at jorda eksploderer om 25 år. Idéen er at desse gjev spelarane læring om kva å gjere i krisesituasjonar samstundes som dei har det gøy med å spele.

Alle spelar
Når du ser for deg ein som spelar data tenkjer ein gjerne på kvisete unggutter i kjelleren til foreldra sine. Dei siste åra, derimot, har snittalderen til dei som spelar gått kraftig oppover. No er snittalderen over tretti år.

Journalist Håkonsen kan fortelje at langt fleire spelar enn det ein tidlegare trudde, og viser til ei undersøking frå Forbrukerrådet som seier at 75 prosent av folkesetnaden over 15 år har spelt.

– Når vi i dag tenkjer på dataspel tenkjer vi på så mykje meir enn eit mørkt guterom. Det kan vere Farmville på Facebook, Angry Birds på telefonen, kabal eller World of Warcraft på PCen.

Håkonsen avfeiar spørsmålet om det ikkje ville vore betre å bruke tida vår på å studere eller lære å spele piano.

– Det er ein myte at dataspel er så tidkrevande, eg trur ikkje det er ein seriøs problemstilling lenger. Det byggjer på ein fordom om at dei som er spelarar utelukkande brukar tid framor data- eller TV-skjermen.

Sprenger døgnrytmen
Nokre hevdar dataspel er bra for deg, at ein kan lære svært mykje av å spele spel. Andre hevdar ein får ein mestringskjensle i dataspel som gjer at ein ikkje treng den same kjensla i det verkelege livet, og at det difor går ut over studia. Undersøkingar frå både NTNU og UiB viser ein korrelasjon mellom dataspelarar og rapportering av depresjon og tvangstankar.

Trond Aspeland er dagleg ansvarleg for Hjelpelinjen for speleavhengige. Han fortel om røynslene sine med spelarane.

– Nokre fokuserer så sterkt på spelet at dei mistar interessa for alt anna. Dei sprenger døgnrytmen, et dårleg over lengre periodar og blir naturlegvis utbrent.

Erfaringa til Aspeland er at det ofte er friske, vanlege ungdomar som blir fullt utmatta av spelinga.

– Noko av metoden for å kome seg ut er å finne andre aktivitetar som lokkar meir enn dataspelinga. Desse spelarane kan ein ikkje kalle «avhengige» fordi om dei finn ein annan aktivitet som lokkar meir, så vil dei ikkje ha abstinensar for spelinga.

Tilfører noko til livet
Aspeland fortel at det er vanskeleg å skilje mellom utbrentheita (medført av lite søvn og dårleg kosthold) og depresjonar – symptombiletet er veldig likt. For nokre som slit med depresjonar kan dataspel vere ei løysing og ein slags medisin.

– Dei som i utgangspunktet har sosial angst kjem i ein tilstand der det er så problematisk å fungere i den verkelege verda at dei difor oppsøkjer datamaskina. Dei opplever ein meistringsarena og blomstrar til i den virtuelle verda.

Aspeland påpekar òg at det er vanskeleg å seie om det er spela i seg sjølv som gjer spelarar deprimerte. Er det dårleg ernæring som er skulda eller er det slik at menneske med depresjonar blir tiltrekkte dataspel?

Aspeland blir støtta av psykolog Mentzoni, som har leia ein studie ved UiB som har kome fram til at 4,1 prosent av folkesetnaden under 50 år har eit usunt tilhøve til dataspel.

– Det er ingen studier i dag som kan slå fast at det eine skapar det andre. For dei aller fleste er dataspel ein sunn hobby som tilfører noko til livet snarare enn å ta noko vekk frå livet.

LES SAKA I UNDER DUSKEN!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

LES OGSÅ

ANNONSE