Meir makt til ungdom
STEM1209 som skal få fleire unge til å engasjere seg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
LNUs kampanje STEM1209 vart lansert på Barne- og ungdomstinget på Sundvollen i helga.
Kampanjen er eit ledd i forsøket til regjeringa med å setje ned stemmerettsalder til 16 år. På nettstaden stem1209.no kan ungdom få tips til korleis dei kan finne eit parti som passar dei og informasjon om partia og finne informasjon om korleis dei kan røyste.
– Forsøket med å la 16- og 17-åringane få røyste er viktig bidrag til fornyelse av demokratiet og ein ny demokratidebatt, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete og barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken då dei besøkte Barne- og ungdomstinget.
Unge må få reell makt
Regjeringa ynskjer at born og unge skal få reell innverknad over sin eigen kvardag og utviklinga av samfunnet. Lysbakken og Navarsete sender no eit felles rundskriv til alle kommunane i Noreg. Rundskrivet er ei samla framstilling av lovar, regelverk og rettar knytte til deltakinga og innverknaden til born og unge. Regjeringa har òg sett ned Ungdomens maktutgreiing.
LES OGSÅ: Utruleg mange unge vil røyste
– Alle kommunar bør ha eit ungdomsråd eller ungdommens kommunestyre – der ungdom får reell makt og høve til å påverke kvardagen sin. Kommunane bør vurdere å gje slike organ innstillingsrett til kommune- eller bystyret fordi det aukar innverknaden deira. Det har kommunane fullt høve til å gjere, understrekar Navarsete, ifølgje LNU.no.
QUIZ: Kva veit du eigentleg om lokaldemokratiet?
– Ungdom bør utfordre politikarane i kommunane sine og krevje at desse tek stilling til saker dei er oppteke av. Når kommunane opprettar medverknadsorgan for ungdom må dei òg følgje opp med tilstrekkelege ressursar til arbeidet og politisk vilje til å gje ungdom reell innverknad, avsluttar Lysbakken.
Kva trur du skal til for at fleire skal nytta stemmeretten sin?
Faktaboks
Regjeringa har sett i gang eit forsøk med nedsett stemmerettsalder til 16 år i 20 kommunar og i Longyearbyen lokalstyre. Formålet med forsøket er å skape auka politisk engasjement blant unge, og å skaffe kunnskap om korleis nedsett stemmerettsalder vil påverke valkanalen.
LNU har fått 1,5 millionar frå Kommunal- og regionaldepartementet til å gjennomføre STEM1209- kampanjen.
Ungdomens maktutgreiing er eit offentleg utval som blir leia av Trond-Viggo Torgersen. Utvalet skal levere utgreiinga si til barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet den 15. desember.