Fleire unge melder seg inn

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Organisasjonane er i vekst. Det viser ferske tal frå Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner. Nye organisasjonar har kome til, og medlemstala aukar i mange av dei etablerte organisasjonane.

– At organisasjonsformen ikkje passar dagens ungdom, stemmer rett og slett ikkje, seier påtroppande leiar i LNU, Gunhild Grande Stærk.

Sterk vekst …
I 2010 var det over 140 barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg. Medlemstalet i organisasjonane har vakse frå rundt 280.000 til 400.000 dei siste ti åra. Veksten er spesielt tydeleg blant minoritetsorganisasjonar. Dei tre siste åra har òg dei politiske ungdomspartia fått fleire medlemmar.

LES OGSÅ: Størst vekst i sentrum

… men fleire må dele på same kake
Sjølv om organisasjonane er i vekst, har den offentlege støtta per medlem frå Barne-, likestilling si- og inkluderingsdepartementet gått ned frå 2009 til 2010. Årsaka er at nye organisasjonar har kome med i ordninga, og at medlemstala aukar.

Òg Frifond blir i praksis kutta frå 2010 til 2011, om prognosen for tippeoverskotet slår til.

– Dersom regjeringa ynskjer engasjert ungdom òg i åra som kjem, må grunnstøtta aukast til 100 millionar og Frifond må skjermast og bli styrkt. Noko anna er ikkje haldbart, seier Gunhild Grande Stærk i ei pressemelding.

Frivillig utan hindringar
Gunhild G. Stærk blei valt på laurdag. Ho kjem frå Halden, har studert leiing og har sete i styret og arbeidsutvalet til LNU i to år. Ho har organisasjonsbakgrunn frå Frikirkens Barn og Unge (FriBU).

– Eg sluttar aldri å bli fascinert av kor stort det er å skape fellesskap rundt ei felles interesse. Frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar står for meistringsaugneblinkar som forvandlar.

Stærk ynskjer spesielt å arbeide for ein hindringsfri frivlligheit, makta til born og unge til å meina og LNU som møteplass for medlemsorganisasjonane sine.