Ei bakside av velferdsstaten?

Britt Mari Engeskar
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei bakside av velferds- staten?

Eg traska meg gjennom Karl Johan ein varm sumardag i juli i fjor. Sola spegla seg i butikkvindauga, ungane hadde fått seg is og heliumsballongar i alle fargar og mange gjekk med sokkar i sandalane. Gateteiknarane var på plass og det same gjaldt den lille mannen med fotballen. Han som triksar for pengar veit du. Han er flink, han. Likevel følte eg at det var noko som ikkje stemte. Sumaren hadde tatt eit godt tak i Oslo og resten av landet. Likevel såg eg eit glimt av menn i dress som dro seg i slipsknuten og fløyg forbi auga mitt under eit sekund. Eg såg kvinner i trange skjørt, høge sko og ein stram hestehale. Eg såg mange som berre hasta seg gjennom Karl Johan med trillekofferten på slep. Tok dei seg tid til å pusta?

Kva har skjedd med den fridommen sumaren gir deg? Kvifor har alle så forbaska lita tid? Det gjeld for så vidt heile året òg. Har dei gløymt at pengar og arbeid ikkje er alt? Har landet vårt blitt eit for målretta og drevent land? Er det i det heile tatt mogleg? Kva skjedde eigentleg i den perioden mellom Arbeiderpartiet sine glansdagar og fram til no? Har den velferdsstaten som me saman bygde opp etter andre verdskrig gjort oss til kalde menneske?

Det er vanskeleg å gå forbi nokon nå til dags og opprette augekontakt. Alle stirrar berre stivt gjennom deg – akkurat som du var luft eller eit spøkelse. Ingen smil, ingen kjensler. Har me blitt robotar? Kvifor er det ingen som smilar tilbake når eg smilar til dei? Det skal ikkje meir til i ein kvardag enn eit enkelt smil eller eit enkelt takk når nokon held døra for deg når du skal inn i ein butikk. Eller at dama bak kassa på Hennes & Mauritz seier; “Ha ein fin dag vidare”, når du har betalt for varene du har kjøpt. Det skal ikkje meir til. Så kvifor gjer me ikkje noko med det? Er me verkeleg blitt så einvegskøyrte at me berre stirrar gjennom folk og hastar oss gjennom livet?

Dette innlegget blei først publisert i Mot til å meina-bloggen!