Har du PS3? Sjekk kontoen din!
Importøren av PlayStation 3 ber 500.000 nordmenn om å passa på.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Hackarar har brote seg inn og henta ut personopplysningar frå millionar av brukarar på PlayStation Network, inklusive kredittkortnummer og passord. Det har gjort mange PlayStation 3-kundar urolege.
Sony jobbar med å finna ut kva som eigenleg skjedde, og vil samstundes sikra PlayStation Network mot åtak i framtida. Tenesta har vore tatt av nettet gjennom heile påsken etter at tryggleiksbrotet blei oppdaga av Sony. Tenesta blir ikkje forventa å vera oppe igjen før om ei vekes tid, står det på den offisielle PlayStation-bloggen.
Marius Steen i Nordisk Film Interactive seier til PressFire at det er grunn til å passa på bankkontoen din framover. Men han hevdar at det førebels ikkje har kome meldingar frå norske PlayStation 3-kundar som har opplevd noko mistenkjeleg.
– Per no har me ingen indikasjon på at kredittkort eller kontoar er eksponert. Me jobbar hardt med å få tenesta oppe å gå. Han skal byggjast heilt opp igjen, seier Marius Steen til Pressfire.no.
Han understrekar likevel at det er viktig å vere årvåken i tida som kjem, spesielt om nokre utgjev seg for å representere Sony i søken på meir informasjon om deg eller kontoen din.
Faktaboks
PlayStation Network kan brukast til å kjøpa og spela på nettet og kjøpa og sjå filmar.