Med mandolin til landsfinalen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med mandolin til lands- finalen

Ho er ikkje vond å be når du har ei scene og eit publikum å lokke med. Då stiller ho opp med sjølvskrivne låtar og aller helst med mandolin. Sist helg gjekk Tonje Halbjørhus og resten av gruppa The Stardust Band vidare til landsfinalen i Ungdommens kulturmønstring (UKM). I kveld bidreg ho til vinterfest på Ål kulturhus saman med bandet, og ein bråte andre lokale musikantar. Men når Hallingdølen berre vil prate, då dreg ho litt meir på det. Omsider landar ho på eit «greitt».

– Det er jo hyggeleg å bli spurt, seier ho – lågt i den andre enden av telefonen.

Hyggeleg. Tonje er hyggeleg, og forsiktig. Ho trampar ikkje i klaveret. Heller ikkje når ho kjem inn i rommet. Ho kjem smygande i jamt, roleg tempo over kafégolvet før ho glir ned på ein stol. Umerkeleg for omverda. Ho smilar lurt og er tydeleg spent på kva praten skal gå i. Kan eg by henne noko? Neivel. Eg tek meg i å tenke at ho kanskje er for ung for dette. For ung til å prate om livet og slikt. Ho veit sikkert lite om spisse albogar. Då kan det bli tøft å skulle slå seg fram i musikkbransjen.

Likevel er det musikar ho vil bli, seier ho. No har ho rett nok drive med musikk det meste av livet. Heime fekk det gamle orgelet sjeldan stå i fred. Då ho var seks, tok ho til med pianoundervisning. Fingrane gjekk i lære til ho kom i fjerde klasse. Då sette ho ned foten. Ikkje for å stå på ski slik andre hemsedøler gjer. Ho er nesten flau over det, og ser brydd ned i golvet.

LES OGSÅ: Stjernene starta på UKM!

– Eg har prøvd, men eg har nok ikkje talent for ski. Ikkje ballspel heller, når det er sagt. På skulen har eg fritak. Eg er livredd, seier Tonje, lykkeleg over at det finst noko som heiter kulturskule. Der har ho funne si verd.

– Følte du deg utlært i fjerde klasse?

– Nei, men eg øvde rett og slett for lite ei tid. Eg gjekk lei. Det var i grunn mamma som fekk meg til å halde fram med musikk. Ho var med og høyrde på, og fekk øving til å vere moro igjen.

– Musikarfamilie, altså?

– Ikkje spesielt. Mamma spelar litt toradar. Pappa tek fram kornetten til 17. mai.

I barneåra var ho med i Hemsedal barnegospel. Det var der ho forsto at det var gøy å synge. Det var likevel først i bryllaupet til ein onkel ho prøvde seg med å synge solo for første gong. Frå ho var ti år fann ho fram blyanten og tok til å skrive eigne tekstar. Pianolærar den gongen, Synnev Skrede, tok henne på alvor, også som lyrikar. Ho lytta og kom med innspel. Då ho var ferdig med ungdomsskulen, bestemte ho seg for å satse. Sidan det ikkje var musikklinje i Hallingdal, måtte ho til Hønefoss.

– Eg drog ut av dalen for å drive med musikk. Eg trudde musikkmiljøet i Hallingdal var for lite og rekna med at Hønefoss var svaret. I ettertid ser eg at eg tok feil.

Helgas Vinterfest på Ål kulturhus er eit bevis på det. Det lokale musikklivet viser seg i all si breidde. The Hard Core Jazztrio, Mr Lefse & Gogutadn, Stein Ove Thon og Katrine Bergo, Lene Storhaug, Blow og Tonje Halbjørhus prydar plakaten saman. Bak desse står eitt vell av musikarar frå heile dalen. Denne gongen har Tonje til dømes med seg Lars Jonas Bergo, Espen Bergo og Herman Kvelprud Stein.

Hønefoss vart slik sett ein parentes. Ei låt på eit heilt år er ikkje nok for ein som vil noko med musikken sin. Låten «Wrong Track» var ikkje tenkt sjølvbiografisk, men har sidan gitt meir meining enn ho hadde tenkt. Så langt vart det med det eine året «ute». Etter at ho vende nasen heim igjen har mykje skjedd. Dører ho ikkje visste fanst har både kome til syne og stått opne for henne. Men ho syng gjerne om mørke rom.

– Tekstane mine handlar ikkje så mykje om meg. Eg er fascinert av mørkret. Det inspirerer meg. Det litt skumle og det mystiske. Då er ikkje alt heilt oppe i dagen. Mørkret gir rom for ulike tolkingar, seier ho.

Ikkje så reint få tekstliner har kome til henne når det er mørkt. Tonje er eit nattmenneske. Det er då kreativiteten er på topp. Det er ikkje så praktisk når det meste på Gol vidaregåande skjer på dagtid.

– Eg står opp for tidleg, seier ho. Musikarinnstillinga passar kanskje betre med å vere russ. For tida går det kanskje like mykje i partymusikk?

– DJ-ar og slikt? Du må ikkje spørje meg om det. Eg er kanskje litt meir jordnær, håpar eg. Sjølv om eg høyrer på mykje forskjellig går det meir i country og bluegrass. Den interessa starta eigentleg då eg var på ein konsert med B-karadn, seier Tonje. I bandet sat ein kar og spelte mandolin. Det skulle ikkje meir til. Det kjendest no litt ut som eit skjebnemøte. Sidan har ho også fått spela med The Holstein United Bluegras Boys. Det er slik mandolinen er blitt hennar faste følgjesvein. Frå hausten har ho og mandolinen plass på ein av landets fremste folkehøgskular for musikkspirer. Viken på Gjøvik. Tonje har dessutan snart fast plass i UKM etter å ha vore med fem år på rad. Etter fylkesmønstringa på Union Scene i Drammen sist helg gjekk Tonje, saman med holingssøstrene Vanja og Sunniva Fossli vidare til landsfinalen i Trondheim.

Ho har slik sett aldri vore nærmare å realisere draumen om ein dag å halde ein eigenprodusert CD i handa. Ting er i emning.

– Så du blir kjendis?

– Nei takk. Eg har ikkje lyst til å bli kjendis eller popstjerne. Men å stå på ei scene; det gir eit veldig kick. Eg får ei heilt spesiell kjensle av å sjå publikum frå scena. Det gir meg mykje energi, særleg når eg har gode musikarar med meg. Og det har eg stadig oftare.

Dei siste åra har hemsedalsjenta stått på scener både i og utanfor Hallingdal. Sjølv har ho ikkje ført rekneskap, men at det har blitt eit tjuetals gonger er nok sikkert, med alt frå piano og song til mandolin.

Scenelivet er noko av det beste ho veit. Merksemda ein får utanfor scena kan ho eigentleg styre seg for.

– Kva med ein plan-B dersom det ikkje skulle gå med musikken?

– Eg har ingen plan-A. Eg vil drive på så lenge som mogleg. Draumen etter folkehøgskulen er kanskje å reise frå pub til pub i Irland ei tid, med mitt eige bluegras-band. Eg blir ikkje rik, men det er så ekstremt gøy. Det er min lidenskap. Skulle det ikkje gå, så neivel, men eg hamnar jo ikkje på gata, seier Tonje – optimistisk likevel.

LES SIGNATUREN I HALLINGDØLEN!