Vann konsertjobb på Vossajazz

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse fekk ungjazz- prisen

 Med desse honnørorda klappa Egil Mørkve frå Vossa Jazz-lauget fram dei fem unge vossingane i «Impro Vision» for å motta UngjaJAZZjaprisen for 2011.

Ja, prisen heiter faktisk det.

Sjekk og konsert
Tildelinga skjedde i Vossasalen sundag kveld, rett før Christianssand String Swing Ensemble og Fliflet/Hamre inntok scena.

Mørkve kunne på scena tildela dei fem komande jazzvirtuosane ein sjekk på 10.000 kroner frå lauget han er leiar for, og i tillegg ei gåve som kan opna endå fleire dører: På Vossa Jazz 2012 skal Impro Vision få spela ein profesjonelt produsert konsert som del av det offisielle festivalprogrammet!

Grunngjevinga
– Årets vinnar har sidan starten i 2010 jobba hardt for å koma på nivået dei no har, og er utan tvil det beste ungdomsjazzbandet Voss har hatt på lenge. Det er snakk om øving fleire gonger i veka, både samla og kvar for seg. Dette i tillegg til vidaregåande skule, heitte det mellom anna i grunngjevinga for prisen.

Der vart det også trekt fram kor mange flotte verdsnamn dei alt har spela saman med – frå Andy Sheppard til Tineke Postma.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!