Gir ut barnebok

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Den digitale barneboka heiter Froskeprinsen på reise. Ho er laga av ei ungdomsbedrift med 11 tilsette frå studiespesialisering med formgjeving på Mo og Jølster vidaregåande skule.

– Boka handlar om Froskeprinsen, som reiser ut i verda for å møte vennene sine. Vennene har vore ute for mange katastrofar på grunn av miljøet, og no må dei ordne opp, forklarar kundeansvarleg Karoline Vie.

Eksperthjelp
Froskeprinsen er ei digital bok med lyd, bilete og litt tekst, som kan spelast av i DVD-spelar eller på PC. Bedrifta hadde litt erfaring med illustrasjon før dei sette i gong, men ikkje så mykje kunnskap om tekstformidling.

– Vi har hatt Janne Karin Støylen frå Nynorsksenteret med oss som mentor. I tillegg har vi hatt besøk av illustratøren Anna Angelshaug, og vi har hatt hjelp av lærarane våre, seier Vie.

Førstepris
Boka er no lagd ut for sal på bedrifta si eiga heimesida og i ein leikebutikk i Førde. Vie håper dessutan at dei snart skal ha ein avtale på plass med Statoil og Coop lokalt. Karoline Vie fortel at det har vore ein lang og lærerik prosess å gje ut ei bok.

– Det er mykje arbeid å gje ut bok, og vi har gjort alt sjølv, seier ho. Arbeidet har lønt seg. Nyleg fekk Froskeprinsen UB førstepris for beste produkt på fylkesmessa for ungdomsbedrifter i Sogndal. I tillegg vart dei nest best i klassen for design. Det var ei fin oppleving, seier Vie.

LES SAKA PÅ LNK.NO!