– Oljepolitikk på autopilot
Natur og Ungdom er ikkje glade for rekordmange løyve til oljeboring i Barentshavet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Olje- politikk på autopilot
Regjeringa tildelte i dag, fredag, 12 nye område i Norskehavet og 12 i Barentshavet til oljeboring i den 21. konsesjonsrunden. Natur og Ungdom aksjonerte utanfor Slottet. Den raud-grøne regjeringa har tildelt fleire nye område til oljeindustrien enn nokon anna regjering har vore i nærleiken av.
– For regjeringa er det leikande lett å oversjå og overkøyra miljøet. Jens Stoltenberg si melding til Statoil-sjef Helge Lund er tydeleg: Har du lyst, har du lov, seier Ola Skaalvik Elvevold, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.
Meir enn nokon gong før
Natur og Ungdom viser til at dei raud-grøne allereie har delt ut fleire nye område til oljeindustrien enn nokon anna regjering før dei. Sidan 1990 er det oljeindustrien som har vore hovuddrivaren i at norske klimagassutslepp har auka. Samstundes viser klimaforsking at rike land som Noreg er nøydde til å la olje og gass liggja, viss det internasjonale målet om å bremse oppvarminga av kloden til 2 grader skal kunne nåast.
– I praksis gamblar regjeringa på at det internasjonale arbeidet med å løyse klimakrisa, skal mislukkast. Oljeindustrien synest å ha fått fullstendig fritak frå den klimadugnaden alle andre må delta i, seier Natur og Ungdom-leiaren.
– På autopilot
Store forventninger har vore knytt til Ola Borten Moe som ny olje- og energiminister. Natur og Ungdom meiner Borten Moe no viser seg å vere alt anna enn eit friskt pust i departementet, når han vidarefører eit fossil og miljøfiendtleg energipolitikk.
– Senterparti-statsrådar kjem og går i Olje- og energidepartementet, og han eine er berre meir oljelojal enn den andre. Borten Moe kunne godt teke ein tidleg påskeferie, for dette er politikk på autopilot, som oljebyråkratane hadde klart fint utan hjelpa til statsråden, seier Elvevold.
Strengare tryggleikskrav
I 21. konsesjonsrunde er det stilt ytterlegare krav til utvinningstillatingane med særleg krevjande boreoperasjoner på store havdjup eller i område der det blir forventa boring av brønnar med høgt trykkar og høg temperatur.
– Tryggleiksnivået er høgt på norsk kontinentalsokkel, noko som blir reflektert i dagens strenge tryggleikskrav. Me jobbar kontinuerleg med å styrkja tryggleiken på sokkelen. Store havdjup og brønnar med høgt trykk og høge temperaturar er særleg krevjande, noko som stiller høge krav til kompetanse hos selskapa. For ytterlegare å styrkja tryggleiken ved slike operasjonar har me skjerpa krava, seier olje- og energiminister Ola Borten Moe i ei pressemelding.