Multikunstnar og bloggar får nynorskstipend

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Multi- kunstnar og bloggar får nynorsk- stipend

Noregs Mållag, med støtte frå Kulturdepartementet, har tildelt Mariell Øyre og Andreas Paleologos nynorskstipendet på 50.000 kroner kvar.

– Stipendet skal få nynorsk i bruk på område der han ikkje har så stort spelerom frå før. Kultur er moglegvis ikkje eit slikt område. Sjølv innan barnekultur er me rimeleg godt representerte. Men innan musikkteater er det lite nynorsk. Og innan området ”Svenskar som flyttar til Noreg, legg om talemålet til vestlandsk og tek til å skrive nynorsk og lagar framsyningar for born basert på animasjonsfilm og elektronisk musikk” er det eit svart hol. Ein ørken. Heilt til no, sa Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, under tildelinga.

Andreas Paleologos er ein multikunstnar. Han er aktiv innan både film og musikk, gjerne i kombinasjon. Som musikar går han under namnet Cuckoo, og har akkurat kome med debutplata ”Ringalingding”. Dette er eit plate retta mot eit vakse publikum over heile verda.

Til born på nynorsk
Men når stipendvinnaren skal syngje for born, då går det i nynorsk.

I vinter spelte han på Parkteateret i Oslo med ei framsyning som var ein kombinasjon av visuelle og musikalske uttrykk. Paleologos teikna ein strek som han fekk til å danse på lerretet. Brått vart streken til ein figur. Han laga nokre lydar på synthen som etterkvart vart til ein melodi. Og snart dansa figuren på lerretet i takt med melodien. Alt dette medan Paleologos synte og forklarte ungane korleis alt saman fungerte.

– Eg har så lyst til å danse! Det er det beste eg veit!, sa han, og snart dansa både han og ungane. Slik vart framsyninga eit samspel mellom artist og publikum, og mellom ulike tekniske verkemiddel.

No har han eit ynske om å utvikle framsyninga ”Det beste eg veit” vidare og kome seg ut på turne.

– Me har tru på dette prosjektet. Det syner fram nynorsken på ein ny og spanande måte retta mot eit særs viktig publikum. Han blir leiken, levande og moderne, seier Øvregård om stipendvinnaren.

Populær bloggar
Den andre stipendmottakaren, Mariell Øyre, har verdas mest leste blogg på nynorsk, Hjartesmil. Ho får 50.000 kroner til Hjartemagasinet.

LES MEIR: hjartesmil

– Magasinet er det fyrste og einaste magasinet i sitt slag. Det presenterer mellom anna stoff og bilete frå eit knippe av dei mest lesne bloggarane i Europa innanfor den sjangeren Hjartesmil tilhøyrer – gjerne definert som ”rosablogging”. Den glansa vekeblad- og magasinverda har sakna nynorskrøyster. Med sitt brennande engasjement for å nå ut, har prisvinnaren slege inn den fyrste kilen i bokmålsmonopolet som har rådd grunnen. Ho har sjølv vore både redaktør og gjort alt det grafiske arbeidet i dei to fyrste nummera av magasinet, som kom i 2010, sa Håvard B. Øvregård under tildelinga.