Fyller vatn i bassenga

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Regjeringa si målsetting om å fylle bassenga står fast. Undersøkinga om svømmebassenga viser at tilstanden for flesteparten av symjeanlegga våre er bra, seier kulturminister Anniken Huitfeldt i ei pressemelding.

Kommunane kan søkja tilskot frå spelemidlane og nytta seg av rentekompensasjonsordninga frå Husbanken til rehabilitering av symjeanlegg. I perioden 2006 og fram til i dag er det registrert 100 gjenåpnede anlegg medan det er opna 23 nye symjeanlegg.

– Nokre av dei nedlagde anlegga er erstatta av eit nytt, større anlegg, seier kulturministeren.

Treng oppussing
Kommunane driv både idrettsbasseng og opplæringsbasseng. Mange svømmeanlegg er mellom 30 og 40 år gamle og må difor stengast for rehabilitering. Undersøkinga viser at fleire anlegg blir rehabilitert no enn tidlegare.

LES OGSÅ: Vil ha gym kvar dag

– Det er viktig at kommunane har fokus på å fylla bassenga, seier Huitfeldt.

Stengjer skulebasseng
Bassengundersøkinga viser at mange kommunar vel å stenga skolebassenga i periodar med liten aktivitet og startar symjeundervisninga om hausten. 74 prosent av bassenga er opne mellom 7-12 månader i året. Tendensen er at større anlegg har lengre driftstid i løpet av året enn mindre anlegg. 86 prosent av symjebassengene har ope fem dagar i veka eller meir.

Talmaterialet byggjer på rapportar frå 323 av 395 kommunar, og det er motteke opplysningar om 711 av til saman 842 basseng.