Spelte saman med idola

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I helga fekk ensemblet på ni musikarar i alderen 13 til 20 år frå Kvinnherad og Stord det store oppdraget med å vera oppvarmarar for amerikanarane i Youngblood Brass Band som for tida er på europaturné. Men då dei unge sunnhordlendingane var i gang, fekk dei ein endå hyggjelegare førespurnad.

– Dei stod og høyrte på oss frå bakrommet og likte det veldig godt, så då inviterte dei oss med på scenen for å gjera eit nummer saman med dei, fortel bandleiar Sebastian Torjusen.

Kjekkaste konserten til no
Brazzooka blei til hausten 2009 i Kvinnherad. Men i etterkant har søskena Elisabeth på trompet og Alf Erik Fylkesnes på perkusjon frå Stord blitt ein del av gruppa. Under konserten på Byscenen i Trondheim sist helg, var også familiane til bandmedlemene til stades.

– Me fekk vanvittig god respons frå publikum på rundt 300 personar, og det er nok den kjekkaste konserten me har hatt. Det var ei stor oppleving å spela saman med idola våre, forklarar Torjusen.

I fjor sommar var han på workshop i Nederland. Der kom han for første gang i kontakt med medlemene i Youngblood. Den 11 mann store gruppa blei etablert av studentar i Oregon, Wisconsin i 1995, og har seinare blitt ei stjerne på brasshimmelen. Men det var også fleire store som fekk med seg innsatsen frå Brazzooka.

– Alt klaffa for oss og me spelte så bra som me kunne. Det resulterte i at ein god del folk tok kontakt etter konserten. Alt frå festival- og konsertarrangørar til andre bransjefolk. Me håpar at dette kan ha ført til fleire konsertar til sommaren. Me er iallfall veldig lystne på å spela meir, forklarar bandleiaren som sjølv spelar sousafon.

Krevjande å organisera
Brazzooka har øving omkring ein gang i månaden i Rosendal, men dei legg også inn lengre øvingshelgar innimellom. Torjusen starta gruppa saman med brørne Tobias og Marius fordi dei ville spela musikk for moro skuld.

– I starten var det mest gøy, men no har det jo teke seg opp. At me er ni medlemer i bandet kan vera ganske krevjande ettersom alle har mykje å gjera. Det er alltid litt stress for å finna tid som passar for alle, men det brukar å gå fint, forklarar 16-åringen.

I tillegg til Brazzooka var også gruppene Brother K og SKAfrika med som oppvarmarar for The Youngblood Brass Band, men det var berre sunnhordlendingane som fekk spela saman med heltane. På facebooksida til bandet har det tikka inn positive tilbakemeldingar frå ei rekke publikummmarar i etterkant av konserten.

LES SAKA I SUNNHORDLAND.NO!