– Bruk personlege nettverk

Det er rådet frå NAV-leiaren til dei tilsette på Telenor, som fredag mista arbeidsplassen sin.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei som har hatt arbeid ved Telenor på Gol har ein kompetanse som er attraktive for næringslivet i dalen, trur NAV-leiar Bjørn Skjelseth. Dei er gode på service og kundebehandling og samtlege meistrar data som arbeidsverktøy, seier han.

– Kundesenteret på Gol har levert svært gode resultat og har hatt flinke medarbeidarar, så her bør potensielle arbeidsgjevarar kjenne si besøkingstid, seier han.

Vennskap og kjennskap
Rådet frå NAV-leiaren er å bruke venner, familie og personlege nettverk for å skaffe seg ein ny jobb.

– Det er berre kring 50 prosent av alle ledige stillingar som blir lyst ut. Mange blir tilsette ved hjelp av vennskap og kjennskap. Eg veit at Telenor har eit opplegg for å rettleie dei tilsette i å kartleggje kompetanse, setje opp CV og skrive søknad. Dei kan òg få hjelp av oss på NAV. Me er innstilt på å hjelpe den enkelte, seier han.

Blanda drops
Det er i dag 29 ledige stillingar i dei seks hallingdalskommunane.

– Ein del av dette er sommarjobbar, men elles er det blanda drops, seier Skjelseth. Av faste stillingar er det behov for alt frå kokk, elektrikarar og bowlingvert til lærarar. Det er også fleire stillingar innanfor sal og service.

Eigeninnsats
– Blir det lett å skaffe arbeid til alle dei som no har mista arbeidsplassen ved Telenor?

– Det er heldigvis ikkje ofte me opplever at så store arbeidsplassar blir lagt ned. Eigentleg har me ikkje noko samanlikningsgrunnlag som gjer at eg kan uttale meg om det. Men eg trur mykje blir avhengig av den enkelte sin innsats, seier Skjelseth.

LES SAKA I HALLINGDØLEN!