Politikkens Wayne Rooney

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Politikarar skal ikkje miste hovudet når dei snakkar med skuffa veljarar. Då skal dei legge hovudet på skakke og seie «Eg sett pris på engasjementet». Det er heilt unødvendig å bli sint når det er fullt mulig å vere både innhaldslaus og nedlatande samtidig, alt i ei setning.

Så det er bra at ho bad om unnskyldning. Men bad ho nok om unnskyldning? Greitt, ho ringde til veljaren ho skjelte ut og sa at ho var lei seg. Så tok ho kontakt med dei fleste journalistar i Norge og sa at ho var lei seg. Så var ho med i dei fleste radio- og tv-program i Norge på torsdag og sa ho var lei seg. Så møtte ho veljaren ho skjelte ut ein gong til, ga henne ein klem og sa ho var lei seg.

Greitt. Men er det nok?

Det er ikkje det at eg meiner at det er så ille at ein politikar blir sint av og til. Absolutt ikkje. Det er sunt med engasjement. For all del. Og det har sin sjarm at politikarar viser menneskelige trekk. Så det er ikkje det.

Men likevel: Burde ho ikkje bedt meir om unnskyldning?

Javel, så sa ho unnskyld til veljaren ho skjelte ut. Fleire gonger. Men kva med alle dei andre veljarane? Skal ikkje dei få ei unskyldning? Bør ikkje Navarsete for eksempel stille seg opp i gågata på Nordfjordeid og la alle som vil få skjelle henne ut? Og kaste ting på henne? Medan ho smiler og seier «Den fortente eg, gitt!» Det handlar berre om å vere litt audmjuk.

Det er ikkje det at eg meiner at det er så ille at ein politikar blir sint. For all del. Eg har lese kommentarfelta i nettavisene og ser at det er fleire der som synest det er forfriskande med politikarar som blir forbanna. Så derfor synest eg også det. I alle fall litt. Eg prøver å vere på lag med folket sjølv om eg skriv i avisa. Så det er ikkje det.

Men likevel: Burde ho ikkje bedt meir om unnskyldning?

Ein ting er alle veljarane ho har fornærma. Men tenk på alle kommunikasjonsekspertane som måtte rykke ut og kommentere Navarsetes utbrot. Det kan hende dei hadde anna å gjere. Sannsynligvis ikkje, men det kan hende. Og fordi Navarsete ikkje klarte å kontrollere seg, så måtte altså ekspertane gå ut offentlig og seie ting som at det er betre å vere hyggelig og snill enn sur og sint. Trur du dei kjenner seg smarte når dei må seie sånt? Fortener ikkje også desse menneska ei unnskyldning?

Det er ikkje det at eg meiner at vi berre skal ha strigla politikarar som lirer av seg utanatlærte frasar frå kurs i krisehandtering og kommunikasjon. Absolutt ikkje. Det er noko søtt over maktmenneske som er heilt ute av kontroll. Så det er ikkje det.

Men likevel: Er det nok?

Javel, så sa Navarsete at ho var lei seg i nesten alle radio- og tv-program på torsdag. Men kva med alle programma som ikkje sender på torsdagar? Skal ikkje dei også få? Er det ikkje udemokratisk å velje berre torsdags-programma? Kva med gullrekka? Burde ikkje Navarsete for eksempel vere med i dette pop-programmet til Erik Solbakken? Og synge «Sorry seems to be the hardest word», for eksempel?» Eller «Sorry I’m a lady»?

Og kva med sporten? Kvifor sa ho ikkje unnskyld i sporten? For eksempel i samband med nyheita om at Wayne Rooney må står over to kampar fordi han banna i kamera? Ville det ikkje då vere naturlig om ei angrande Liv Signe Navarsete stod fram som distriktspolitikkens svar på Wayne Rooney?

Det er ikkje det at eg meiner at politikarar alltid skal legge band på seg. Absolutt ikkje. Eg meiner bestemt å huske at eg syntest Thorbjørn Berntsen var ein skikkelig friskus i si tid.

Så det er ikkje det. Det er ikkje derfor eg meiner Navarsete bør be mykje meir om unnskyldning.

Det er berre det at dersom vi snakkar lenge nok om temperamentet til Navarsete, så kan det hende vi slepp å snakke om den sjukehussaka som dette eigentlig handlar om.

Og den saka verkar fryktelig innvikla.

Denne artikkelen stod først på trykk i Aftenposten 10. april.