Natur og Ungdom skuffa over vedtaket om traséen til kraftlinja mellom Ørskog og Fardal.

mm

Olje- og energidepartementet fatta fredag eit delvedtak for den planlagde 420Kv kraftlinja mellom Ørskog og Fardal. Natur og Ungdom er svært skuffa over at departementet med dette vedtaket legg opp til å rasers ei rekkje viktige naturområde med truga planter og dyr for å unngå å øydeleggje utsikta til folk.

Natur og Ungdom skreiv ei høyringsuttale på kraftlinja tidlegare i år og meiner den linja NVE har gjeve konsesjon til er uakseptabel. Organisasjonen kravde at departementet skulle endre traséen for å ta vare på naturmangfaldet.

– Her hadde Ola Borten Moe høvet til å gje oss ei miljøvennleg kraftlinje, som bidreg til den energirevolusjonen verda treng. Delvedtaket som kom i dag gjev klarsignal til ei omsynslaus utbygging i tut-og-køyr-stil, seier Ola Skaalvik Elvevold, leiar i Natur og Ungdom.

Store konsekvensar
Spesielt skuffa er Natur og Ungdom over delkonsesjonen som går mellom Åmsnipa og Movatnet, der kraftlinja vil gje svært store konsekvensar for det naturmangfaldet.

– På denne strekninga er det enorme verdiar på spel, med sårbare og verdifulle naturtypar og raudlista artar. Ved å velje denne strekninga gjev departementet blanke i naturmangfaldet, og gjer knefall for snevre estetiske interesser, seier Elvevold.

– Unødvendig
Ei nærare 300 kilometer lang kraftlinje er planlagt utbygd frå Ørskog i Møre og Romsdal til Fardal i Sokn og Fjordane. Bakgrunnen er kraftunderskuddet i Midt-Noreg, og dessutan ei rekkje planlagde vindkraftprosjekter i Sogn og Fjordane. Natur og Ungdom jobbar for utbygging av ny fornybar energi som vindkraft, og ynskjer difor at kraftleidninga skal byggjast, samstundes som omsynet til naturmangfaldet skal takast vare på.

– Miljøet treng både fornybar energi og eit levande naturmangfald. Å ofre naturmangfoldet for å løyse klimaproblemet er like unødvendig som det er uakseptabelt, avsluttar NU-leiaren i ei pressemelding.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

LES OGSÅ

ANNONSE