– Kraftkrisa krev politisk handling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fylkesordføraren var klar i sin bodskap då han heldt innlegget om kraftpolitikken på vegner av Buskerud på Aps landsmøte torsdag kveld.

– Buskerud Arbeiderparti meiner at me må gjera oss så lite avhengige av kraft frå utlandet som mogleg. Eit hovudkrav er å etablere eit system med føreseielege og mest mogleg forbrukarvennlege prisar for hushaldningar og næringsliv, sa Ryberg.

– Mandatet til det regjeringsoppnemnde energiutvalet som skal koma med si innstilling innan 1. mars 2012, må utvidast til å omfatte alle sider ved framtidas energiforsyning

Dette betyr også ein kritisk gjennomgang av dagens marknadsbaserte prisfastsetjing, understreka Ryberg i innlegget sitt.

Han gjekk kort gjennom forslaget i 10 punkt som Buskerud Arbeiderparti legg fram.

Som kjent er dette basert på arbeidet til det hurtigarbeidande utvalet leia av stortingsrepresentant Lise Christoffersen, og der Osvald Medhus frå Hol har vore med.

Buskerud Ap sitt engasjement i denne saka har sitt utspring i tankane til Osvald Medhus som vart presentert i eit intervju i Hallingdølen i januar.

Konklusjonen til Medhus er at det er behov for å greie ut konsekvensane av å etablere ein nasjonal kraftmarknad.

– Buskerud Arbeiderparti meiner tida er inne for endringar i kraftpolitikken.

Vi meiner at for å sikre leveringstryggleiken og stabilisere kraftprisane på eit akseptabelt nivå, må vi gjera oss mindre avhengige av kraftimport frå utlandet, sa fylkesordførar i Buskerud, Roger Ryberg i innlegget sitt.

Han gjekk kjapt gjennom 10-punktslista i forslaget frå Buskerud Arbeiderparti der det mellom anna er peikt på dette:

1. Samanhengen mellom dagens marknad for import og eksport av kraft og dei store svingingane i prisnivået. I samanheng med dette også moglegheitene for eit sterkare krav til mer kostnadsbaserte og mindre marknadsbaserte prisar, og like prisar i heile landet.

2. Kva for moglegheiter som finst for større grad av styring av denne marknaden, og ei vurdering av positiv og negativ effekt av ei sterkare styring, sett opp mot ei vidareføring av dagens marknad. Slik styring kan medføre retningslinjer for bruken av vatn frå regulerte vassdrag (magasinfylling), import berre ved behov (årsvurdering) og eksport berre når det er ledig kraft (årsvurdering).

3. Ei kraftig opptrapping av satsinga på alternative, fornybare energikjelder, både av klimaomsyn og med tanke på korleis dette kan bidra til å gjera oss mindre sårbare for variasjonar i nedbør.

4. Ein kritisk gjennomgang av dagens verkemiddelapparat, både når det gjeld produksjon og bruk av alternativ energi innan transport, næringsliv og hushaldningaer.

5. Ein tilsvarande gjennomgang av verkemidlane for energiøkonomisering i offentlege og private bygg, verksemder og hushaldningar.

6. Moglegheitene for auka vasskraftproduksjon.

7. Betydningen av investeringar i nett for forsyning og prisstabilitet.

8. Vurdering av ulike kontraktstypar med for eksempel fastpris, pristak, lågare pris på straumforbruk under eit visst nivå/høgare pris for forbruk utover dette osv.

9. Samanhengen mellom prisen på vasskraft og moglegheitene for vidareutvikling av alternative energikjelder.

10. Fordelar og ulemper ved dagens nordiske/europeiske marknad må vurderast opp mot fordelar og ulemper ved å etablere ein nasjonal marknad, her medrfekna føringane for bruk av regulert vatn og import-/eksportbehovet, som tidlegare nemnt.

– Dette er berre nokre av av dei tema ei slik utgreiing bør innehalde, sa Ryberg.

LES SAKA I HALLINGDØLEN!