Set søkjelys på kvinner

Temaet for Førdefestivalen 2011 er Women’s World.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag slepp dei festivalprogrammet med den største kvinnelege artisten i Afrika, Oumou Sangaré, og sigøynerdronninga Esma Redzepova i spissen.

Med namn som Ana Moura (Portugal), Susana Baca (Peru), Houria Aïchi (Algerie/Frankrike), Urna (Mongolia), Julie Fowlis (UK) og Liu Fang (Kina) har den 22. Førdefestivalen sikra seg store kvinnelege artistar frå den internasjonale verdsmusikkscena.

Av norske sterke namn kan Sigrid Moldestad, Kirsten Bråten Berg, Unni Løvlid, Dei Beste Damene, Sinikka Langeland nemnast, og frå Sverige kjem mellom andre Susanne Rosenberg.

– I år har me valt å presentera kvinnelege artistar som er talerør for særeigne kulturar og tradisjonar, eller har engasjert seg politisk eller i sosialt og humanitært arbeid. Dette er kvinner som har teke opp kampen for noko dei trur på, og som har noe å fortelja, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum.

Første gong i Noreg
Ana Moura har i det siste etablert seg som Portugal sin mest populære kvinnelege fadosongar, og festivalen er glade for å presentera henne live for første gong i Norge.

Blant hennar største fans finn me både Rolling Stones og Prince, som begge har hatt Ana som gjesteartist på sine konsertar i Portugal, heiter det ei pressemelding frå festivalen.

Mann bak tingingsverk
Gjermund Larsen, rekna blant dei aller beste folkemusikarane i landet, er i år ansvarleg for festivalen sitt tingingsverk.

Verket er spesialskrive for TrondheimSolistene, og vil bli urframført laurdag 9. juli i Førde, med Gjermund og Einar Olav Larsen som solistar. Gjermund Larsen vann Spellemannpris i 2010 saman med TrondheimSolistene.

Lavvokonsert
Unni Løvlid er en av dei medverkande i Urmakarens hjarte, en eventyrthriller inspirert av den norske folkemytologien. Stykket, som rettar seg mot born og unge, er skrive av Miriam Prestøy Lie.

Unni Løvlid står også bak eitt av dei nye konseptene under festivalen, Kveldssong for dei minste. Dette er små konserter med Unni og to av hennar internasjonale folkesang-kollegaer, mongolske Urna og estiske Eeva, og dei foregår i ein lavvo ved Førdehuset.

I lavvoen blir det forteljingar, rim og reglar, og mykje song – spesielt tilpassa små born i følgje med vaksne.

– På Førdefestivalen er born inga hindring. I år har me også kurs der born og vaksne får læra songar og dansar fra Solomonøyane. Dette er ein familievenleg festival, der publikum i alle aldrar kan nyta kultur og opplevingar frå heile verda, sier Bjørkum.

LES SAKA I SOGN AVIS!