Gode skular gir høge bustadprisar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førsteamanuensis John H. Fiva ved Handelshøyskolen BI har saman med forskar Lars J. Kirkebøen ved Statistisk sentralbyrå undersøkt om offentleggjering av ny informasjon av skulekvalitet har noko å seie for prisane i bustadmarknaden.

Forskarane har ifølgje NRK Østlandssendingen tatt utgangspunkt i første gongs publisering av informasjon om skulekvalitet i Oslo i november 2005. Denne publiseringa samanliknar ungdomsskulane i hovudstaden.

Set pris på informasjon
– Sidan bustad avgjer kva skule ein høyrer til, blir det forventa at bustadprisar vil endre seg dersom foreldra set pris på informasjon om skulekvalitet, seier Fiva.

Fiva og Kirkebøen analyserte data frå 38.562 bustadtransaksjonar frå januar 2003 til januar 2006.

Omfattande informasjon
Studien viser at bustadprisar stig i område kor den lokale skulen kom godt ut på rangeringa, medan dei fell i område kor den lokale skulen kom dårleg ut.

På nettstaden www.skoleporten.no blir det publisert omfattande samanliknande informasjon om grunnskulen.