Ferdig framlegg til ny nynorskrettskriving.

mm
Faktaboks

Dette er dei viktigaste endringane nemnda går inn for samanlikna med gjeldande rettskriving:

    * Alle ord vert hovudformer, sideformer (klammeformer) forsvinn. Til dømes vert no og nå likeverdige og kan begge brukast i offentleg språk.
    * Mindre brukte former som til dømes i-mål (bygdi og fjelli) og former som noe og hennes er tekne ut
    * Det vert berre mogleg å ha diftong i ord som køyre og flaum
    * Det vert berre mogleg å ha dobbel konsonant i mange ord som til no har hatt sideform med enkel konsonant
    * J-en vert valfri i verb som byggje og hokjønnsord som bryggje

LES FAKTALUKK FAKTA

Både «skole» og «skule» bør kunne skrivast på nynorsk. Det bør også bli høve til å skrive «kjem dokker?» i tillegg til «kjem de?», men i-målet bør gå ut av den offisielle rettskrivinga. Det føreslår Språkrådets rettskrivingsnemnd for nynorsk i den innstillinga dei i dag overrekte til styret i Språkrådet.

– Vi vonar og trur at breie lag av nynorskbrukarar vil kjenne seg heime i den nye rettskrivingsnorma, seier nemndleiar Grete Riise.

– Dette arbeidet er eit skuleeksempel på korleis vanskelege spørsmål må handterast for å vinne tilslutning, sa styreleiar Ottar Grepstad då han fekk innstillinga fredag. Styret tek stilling til framlegga 20. mai.

Nemnda har arbeidd sidan januar 2010 med framlegget. Oppdraget kom frå styret i Språkrådet, som bad om framlegg til «ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer». Arbeidet har vore gjennomført som ein open prosess. På berre vel eit år har nemnda gjennomført over 30 møte med ulike miljø av nynorskbrukarar, fått nesten 500 blogginnlegg og bortimot 80 høyringsfråsegner.

LES OGSÅ: Nynorsk på frammarsj i Afrika

Endring etter høyring
I februar i år sende nemnda ut eit høyringsutkast til ny rettskriving. Den endelege innstillinga som vert lagd fram fredag 1. april, skil seg frå høyringsutkastet på mellom anna desse punkta:

    * Det vert likevel mogleg å bruke kløyvd infinitiv med både e- og a-endingar i same tekst (til dømes å kaste og å vera)
    * Det vert mogleg å skrive dokker/dokker i staden for de/dykk
    * Skole blir ståande jamstilt med skule (i høyringsutkastet tok nemnda til orde for å ta vekk skole)
    * Ordet dialekt kan anten vere hokjønn eller hankjønn (både ei dialekt og ein dialekt)

– Enkelt å skrive rett
– Innstillinga er ikkje eit produkt av semje, men eit resultat av grundige diskusjonar og motstridande argument – eit kompromiss. Høyringa viste stor usemje om korleis norma skal sjå ut, og innspela både før og under høyringa sprikjer. Vi vonar og trur vi har kome fram til ei norm som breie lag av nynorskbrukarar skal kjenne seg heime i, ei norm som gjer det enkelt for framtidige nynorskbrukarar å skrive rett, seier nemndleiar Grete Riise i ei pressemelding frå Språkrådet.

– Open og demokratisk prosess
– Det rettskrivingsnemnda har gjort, er eit skuleeksempel på korleis vanskelege spørsmål må handterast for å vinne tilslutning, seier styreleiar Ottar Grepstad i Språkrådet. – Styret gav nemnda ei krevjande oppgåve som er løyst på ein måte det står respekt av. Prosessen har vore open og demokratisk, alle synspunkt har kome fram, og alle som ville, kunne delta i debatten undervegs. Nemnda har gjort det lett for styre og departement å setje punktum og gi nynorsken ei robust rettskriving som kan bli ståande lenge, seier Grepstad.

LES OGSÅ: Vurderer å flytta til Hawaii

No skal Språkrådets fagråd for normering gi si tilråding om innstillinga frå rettskrivingsnemnda. 20. mai tek så styret i Språkrådet stilling til framlegget og sender saka til Kulturdepartementet for endeleg avgjerd. Styret føreset at det som blir den nye rettskrivinga, skal gjelde frå 1. august 2012.

Kva seier du til innstillinga?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.29

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE