Fekk prøve seg med kite

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kiting er ein sport som er i vinden for tida. Seinvinteren er høgsesong for snøkiting.

Sist helg var 22 unge kitarar frå 10 år og oppover frå store delar av landet på helgesamling på Haugastøl Turistsenter med Hardangervidda som tumleplass.

Deltakarane i Youth Empire Camp fekk profesjonell instruksjon av husvert og verdensmeister Bjørn Kaupang og Remi Meum.

Dei hadde også besøk av internasjonale stjerner som er på Haugastøl for å delta i Red Bull Ragnarok fyrstkomande helg.

– Det er moro å sjå kor mange unge som er introdusert i kitesporten siste tida. Det er viktig for utviklinga at dei samlast og lærer av kvarandre og får inspirasjon av profesjonelle kitarar. Me håpar Youth Empire Camp på Haugastøl skal bli ein tradisjon kvar vinter, seier arrangørane Martin Aune Østerdal og Camilla Ringvold frå Oslo.

LES SAKA I HALLINGDØLEN!