– Viktigaste kampen for Vestlandet
Prislapp: 100 milliardar kroner.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dagen i dag er historisk. Dette er det viktigste kampen på Vestlandet, sidan slaget ved Hafrsfjord i år 871 – slaget som samla Noreg. Den gang slåst me mot kveárandre, i dag står Vestlandet skulder ved skulder i kampen om ferjefri E39, sa leiar av Vestlandsrådet og fylkesordfører i Rogaland, Tom Tvedt i sitt innlegg på ein fagkonferanse i Stavanger fredag.
Tvedt hadde ei tydeleg melding til samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa som også hadde teke turen til Stavanger.
– Prislappen er på 100 milliardar kroner og den rekninga klarer me ikkje ta åleine. Me forventar at regjeringa går inn i prosjektet med full støtte og styrke, sa han.
Vestlandsrådet lanserte ein ny offensiv i kampen om ferjefri kyststamveg i september 2010 og ikkje lenge etter byrja ting å skje. 1. mars 2011 tiltrådte regionvegsjef i Statens vegvesen, Olav Ellevset, i ny stilling som prosjektleiar for eit av Noregs største samferdsleprosjekt.
Ellevset presenterte prosjektorganisering, mål og framdrift, medan kollega og leiar av Statens vegvesens moglegheitsstudie, Lidvar Skorpa, presenterte ulike teknologiske løysingar for fjordkryssingane langs vestkysten.
– Politisk engasjement har vore viktig i arbeidet med moglegheitsstudien. Framover er det avgjerande at politikarar og fagfolk jobbar sammen, konkluderte Skorpa.