– På tide at politikarane tek kontroll

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er akkurat det me treng, seier forbundsleiar Leif Sande i det frittståande LO-forbundet Industri Energi til Hallingdølen.

– Det er veldig viktig at ein får Ap-landsmøtet til å diskutere kraftmarknaden på breitt grunnlag. Det er svært sterke krefter i det norske samfunnet som berre har teke seg til rette i årevis. No er det på tide at politikarane tek attende kontrollen. Det er flott at me har kunnskapsrike og erfarne folk som Osvald Medhus, som kan ta opp slike spørsmål politisk.

Interessant allianse
– Kva slag krefter er det du tenkjer på?

– Finansdepartementet, Statkraft, Statnett, fylkeskommunale og kommunale kraftverk. Dei har kunna operere heilt fritt i årevis utan at nokon har hatt myndigheit til å stille spørsmålsteikn ved måten å drive på i det heile teke, seier Leif Sande.

– Dessutan er det eit faktum at det stort sett er dei same instansane som finansierer heile miljørørsla. Forkjemparane for den liberaliserte kraftmarknaden er difor ein interessant allianse når du går han etter i saumane, seier Sande.

– Norge er eit av verdas fremste energiland. Men me har altså ikkje klart å forvalte dette på ein måte som har sikra oss stabile og låge straumprisar, verken for folk flest eller for industrien.

Dette må det bli ei ordning på. Det er berre eit spørsmål om politisk vilje å sikre stabile straumprisar for alle som bur og driv her i landet. Det er jo det offentlege som eig nesten all vasskrafta.

Me kan ikkje levere berre av å selja olje og gass til evig tid, seier forbundsleiar Leif Sande.

LES FLEIRE SAKER OM KRAFTMARKNADEN I HALLINGDØLEN!

Medlemmene i forbundet er sysselsett innan olje- og gassindustrien, treindustrien, farmasøytisk industri, solcelleindustrien, aluminium og annan metallproduserande industri, alt saman kraftkrevjande industri som er avhengig av føreseielege langsiktige prisavtalar på straum.

Vidare organiserer forbundet tilsette i miljøbedrifter, bioenergibedrifter, vaskeri, renseri, plastbedrifter, fiskefor- og fiskemjølbedrifter. Forbundet dekkjer eit område som står for 80 prosent av den norske eksportverdien.

Grøne sertifikat
– Men vil det ikkje bli betre når ordninga med grøne sertifikat har fått virke nokre år. Alle er jo samde i at Norge og Sverige vil ha eit kraftoverskot om ein ti års tid?

LES OGSÅ: Atomkraft kuttar norsk straumpris

– Kraftoverskotet i den nordiske marknaden er ei oppkonstruert liksom-løysing. Me skal bli det nye miljølandet, eit europas batteri som skal forsyne kontinentet med rein energi om dagen og lade opp att med kolkraft, gasskraft og atomkraft om natta. Energiproduksjon som det ikkje er snakk om på norsk jord. Men å importere kraft som er produsert ved hjelp av gass og kol, det tek me gladeleg imot. Nokon bør snart kle av denne dobbeltmoralen for godt, meiner Leif Sande.

Han har heller ingen illusjonar om at eit kraftoverskot i Norden vil resultere i lågare og stabile straumprisar.

– Det er ikkje rart det er om å gjera og byggje kablar til kontinentet. Det er jo einaste måten å bli kvitt overskotskrafta på, slik at ikkje straumprisen går ned, poengterer han.

LES SAKA I HALLINGDØLEN!