Vil ha leksikon-samarbeid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha leksikon- samarbeid

– Om tre år er dei lova midla (red. merk. frå staten) brukt opp. Løysinga for Norsk nettleksikon er nærliggjande, ja, nokså opplagt: Nettleksikonet og Wikipedia inngår jo før jo heller eit samarbeid om å redigere om artiklane frå Store Norske Leksikon slik at dei passar inn i Wikipedia sin profil og teknologiske plattform, seier Rasmussen i eit essay på Prosa sine nettsider. Prosa er eit litterært tidsskrift for sakprosa.

Terje Rasmussen er professor ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitet i Oslo og er i tillegg Professor II ved Statens Institutt for Forbruksforskning (SIFO).

Det 10 år gamle nettleksikonet Wikipedia har meir enn 365 millionar lesarar av versjonar på 262 språk og er verdas åttande mest besøkte nettstad. Fleire av versjonane har over ein million artiklar. Midt på dagen mottar Wikipedia 60.000 sideførespurnader per sekund.

Ingen eig artiklane på Wikipedia, som er opent tilgjengeleg i tråd med Creative Commons-lisensen, og kan redigerast av andre. Ei av årsakene til suksessen til Wikipedia er Google. Mange av søka kjem til nettleksikonet gjennom denne søkjemotoren.

Kritikken mot Wikipedia har sidan oppstarten gått på kvalitetssikring i forhold til at brukarane kan vere med og redigere informasjonen som blir lagt ut.

– Trur dei at å bidra til Wikipedia er som å lire av seg noko i dei akk så utskjelte nettdebattane, spør Rasmussen.

– Kritikarane av Wikipedia ser gjerne bort frå diskusjonane og editeringane som ofte ligg bak ein artikkel, held han fram.

LES OGSÅ: Milepæl for nynorsk Wikipedia

Professoren har ingen reservasjonar mot å anbefale sine studentar å bruke Wikipedia.

– Som universitetslærar er mitt råd til studentane at Wikipedia med fordel kan brukast for å skaffe seg innførande kunnskap i eit felt eller eit tema, men at nettleksikonet ikkje bør bli brukt som kjelde på linje med vitenskaplege arbeid. På denne måten er Wikipedia langt meir brukbart enn nettutgåva av Store Norske slik ho står fram i dag, slår Rasmussen fast.

For to år sidan kom Store norske leksikon ”2.0” (SNL), eit reklamefinansiert og ope leksikon der brukarar kunne ta del i redigeringa, Store Norske på nett er forløparen til det planlagte Norske nettleksikon (Nn). Alt innhaldet på Nn skal vere kvalitetssikra slik at det blir haldbart med tanke på fagleg innhald, kjeldekritikk og pedagogisk og språkleg presentasjon.

Nn har ifølgje professor Rasmussen over 30 millionar kroner og seks institusjonar frå kultur og bank i ryggen. Nn skal ta med seg dei 180.000 artiklane som finst på SNL i dag inn i framtida.

Rasmussen meiner brukarane av Nn og Wikipedia vil sjå på dei to tenestene som like.

– I fjor gav Kunnskapsforlaget opp, og ville overlate nettversjonen av Store Norske Leksikon til ein annan ansvarleg utgjevar. Wikipedia blei ikkje rekna som ein av dei, skriv Terje Rasmussen i essayet sitt.

– Med synergien frå dei to kulturane kan ein etablere ein norsk supernode med kvalitetsinformasjon, samstundes som Norsk nettleksikon unngår å bli mammuten som trist trampar inn i solnedgangen, sluttar han.

Kva meiner du? Er det håp for Norske nettleksikon?