Stor interesse for høge bølgjer.

Terje Eggum/Sogn Avis
Terje Eggum/Sogn Avis

Fagmiljøet og eit enormt publikum har teke entusiastisk del i den unike dokumentasjonen av Sognefjorden som gynga etter jordskjelvet i Japan.

Jordskjelvet i Japan baud Sognefjorden opp til dans, og Leif Hus i Leikanger lukkast med å få fenomenet festa til video.

Til topps
I VG har sekvensen frå Strandavegen i Leikanger gått nesten heilt til topps på sjåarrankinga.

Måndag morgon var det registrert over 440.000 visingar av videoen på VG Nett. Berre dei to mest dramatiske dokumentasjonane på tsunamien sin øydeleggjande veg over japansk land har skåra høgre.

Påviste
Det starta med at Sogn Avis påviste i ein artikkel tysdag at den lange fjorden gynga i dei same morgontimane skjelvet råka Japan, førre fredagen.

Og ikkje berre på ein stad i fjorden, frå heile Sogn fekk avisa inn observasjonar av same slaget. Professor Stein Bondevik ved Høgskulen i Sogn og Fjordane kommenterte dei oppsiktsvekkande bileta frå Leikanger.

Meldt på
Dei første rapportane om verknader på fjorden kom fredags føremiddagen.

Frå Framfjorden vart det rapportert om den underlege bølgja, og i Leikanger varsla Jan Magnar Husabø om det same. Sogn Avis skreiv om det i laurdagsavisa og andre observatørar melde seg på.

Eit byks
Sogn Avis fekk også ein rakett under nettavisa si med utlegginga av videoen. Produksjonsleiar Jon Husabø opplyser at trafikken gjekk opp nesten 100 prosent den dagen videoen blei lagt ut.

Både i VG og Sogn Avis har publiseringa av fenomenet drege ein lang debatt, to syn kranglar friskt, dei som ikkje trur på dette og dei som trur på det fagfolka held fram.

Seiches
Dei viser til det kjende fenomenet som på norsk blir nemnt som ei ståande bølgje, eller seiches på fagspråket. Professor Stein Bondevik forklarte fenomenet i tysdagens avis. Professor Bjørn Gjevik ved Universitetet i Oslo er samd: – Forklaringa er nok at langperiodiske jordskjelvbølgjer set opp svingingar av vassmassene i fjorden, såkalla seiches.

Granvin
For fagmiljøet har det vore god hjelp i at Sogn Avis og VG har rapportert om dei underlege rørslene i fjorden. Professor Stein Bondevik, som var med og sette det heile i gang, opplyser at det har kome rapportar om det same frå Granvin. – Det kan tyda på at Hardangerfjorden også har kome i svingingar etter skjelvet i Japan.

Berre tull?
Både på Sogn Avis og VG si side haglar det med kommentarar om at dette er berre tull. Mange nektar å tru at det er eit samband mellom det veldige skjelvet og dei små, men lett observerbare, svingingane i Sognefjorden.

Men i fagmiljøet er ein ikkje i tvil, fenomenet er skildra tidlegare og dokumentasjonen er solid. Dette er seiches, elles ståande bølgjer, som har oppstått som følgje av ristingane i Japan.

LES SAKA I SOGN AVIS!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.29

LES OGSÅ

ANNONSE