– Fyller hol i demokratiet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdommens nasjonalforsamling blei arrangert for første gong i haust. Ungdom frå 16 fylke samla seg i Oslo og på Eidsvoll for samla seg om fem saker å arbeida for. Nasjonalforsamlinga kom i stand etter ide frå Barne- og ungdomsrådet i Oslo (BURO).

– Mange saker på Ungdommens bystyremøte i Oslo handlar om lokale saker, som samferdsle, kultur og så vidare. Men det er også fleire saker som ungdommane tek opp som handlar om nasjonal politikk – anten det gjeld justispolitikk, asylpolitikk eller utanrikspolitikk. Dette er også saker som gjeld like mykje ungdom si framtid. Det førte til ein del frustrasjon at det ikkje var noko ein kunne gjera noko lokalt med. Det var ut i frå dette ideen om ein ungdommens nasjonalforsamling kom opp, seier Martin Nielsen, dagleg leiar av BURO.

La fram rapport
Tysdag la BURO og Barneombodet fram ein rapport om Ungdomens nasjonalforsamling.

– Ungdomen sin nasjonalforsamling fyllar eit hol i demokratiet. Det har lengje vore eit ynskje frå unge sjølv å få eit nasjonalt medverknadsorgan for ungdom utanfor interessepolitisk organisering. Denne rapporten er ein oppskrift på korleis ein på ein enkel måte gjennomføra nasjonal medverknad i praksis, seier barneombod Reidar Hjermann.

Trond Viggo Torgersen er i dag leiar av Noregs første maktutgreiing for unge. Han tok i mot rapporten som eit innspel til utvalet som no skal utrede makta til unge og deltaking i Noreg.

– Eg veit ikkje om dette er svaret. Men det skal eg heller ikkje meina noko om i den utgreiinga som eg skal vera med på å leggja fram. Uansett er dette veldig til inspirasjon for oss, sa han.

Luftslott?
Bjarne Dæhli, leiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar, kom me ei åtvaring:

– Ikkje alle ungdommar vil vera samde i at Ungdommens nasjonalforsamling representerer alle ungdommar. Det er lurt å få ein del avklaringar til kva dette skal vera. Om det skal vera eit representativt organ eller eit høyringsorgan. Viss ein ikkje får slike avklaringar, er eg redd for at dette kan bli eit luftslott, sa Dæhli.

Vetle Wang Soleim er leiar av Nasjonalt ungdomspanel, som er interimstyret til Ungdommens nasjonalforsamling. Han er samd med Dæhli at det er trong for slike avklaringar.

– Det kan nok ikkje bli heilt representativt, men det må bli mest mogleg representantivt. Det er likevel ikkje til hindring for at me kan starta opp. Målet vårt er å vera eit bindeledd mellom ungdomsråd i kommunar og fylkeskommunar og sentrale styresmakter. Dette vil også gjera det mogleg for dei å nå lettare ut til ungdom.

LES OGSÅ: Kvifor skal me engasjera oss?

Soleim møtte tysdag kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) for å presentera rapporten, og for å be om støtte til å oppretta Ungdommens nasjonalforsamling som eit fast ordning.

– Eg har forventningar til ho. Ho har oppmoda kommunane til å oppretta ungdomsråd. Men kva med staten sjølv? spør han.

Presentasjon på video (startar etter ca. 17 minutt):