Sjølvsentrert kjærleikspoesi

Anna Kleiva er aktuell med debutboken «Ti liknande versjonar».

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølvsentrert kjærleiks- poesi

Du har akkurat gjeve ut debutboken di, gratulerer! Korleis kjennest det?

Det kjennest veldig rart. Det er rart at folk kan lese boka når som helst. Nokre gonger blir eg veldig gira når eg tenkjer på det, andre gonger er det vanskeleg å forstå. Det er veldig stas og veldig merkeleg.

Har du alltid tenkt at du skulle gje ut ei bok?

Ja, eg har kanskje alltid tenkt det. Då eg laga den første historia mi var eg så lita at eg måtte diktere han. Eg har alltid vorte oppmuntra til å skrive, og forutan ein periode frå eg var 16 til 21, så har eg alltid hatt lyst til å drive med skriving.

Kva refererer tittelen «Ti liknande versjonar» til?

Det er henta frå eit dikt i boka. Det handlar om ei kjensle av repetisjon, av at det ikkje skjer noko nytt, men at alt som skjer har skjedd før. Den kjensla kan eg til dømes ha i ein kjærleiksrelasjon, der ulike relasjonar liksom legg seg litt oppå kvarandre.

Har studia påverka skrivinga på nokon måte?

Eg hadde aldri skrive dikt om eg ikkje hadde gått på dei studia eg har gjort. Eg hadde ein del naive fordomar mot dikt før, at det måtte vere sånn som Henrik Wergeland eller noko liknande. Samstundes gjorde studia meg medviten på sjangerstilar. På litteraturvitenskap prøvde eg å halde ein avstand mellom faget og mi eiga skriving. Eg eignar meg nok betre som skrivar enn litteraturvitar.

Kva handlar diktsamlinga di om?

Det er ein liten sjølvopptatt handling. Eg-personen er veldig framtredande, medan mannspersonane er meir diffuse. Boka handlar mykje om korleis byrjinga på tjueåra er, det å flytte heimefrå, skape noko eige og feste røter. Handlinga blir prega mykje av ei slags kjærleikslengsel, og eg synest eigenleg det har vorte litt mykje kjærleik. Det var opphavleg ein litt dystrare tematikk, men det vart for overfladisk handsaming av temaet til å ta med i boka.

Korleis klarte du å gje ut boka?

Eg sende manus til tre ulike forlag for rundt to år sidan, og så fekk eg positivt svar frå Oktober. Det var eit boost å skrive kontrakt, men det var veldig uklart for meg kor lang tid det ville ta før han skulle bli gjeve ut. Utgjevinga vart utsett mange gonger, og eg jobba med boka periodevis i to år. Det var ganske jævleg av og til. I tilhøve til manuset eg opphavleg sende inn har det vorte gjort store endringar, men han er mykje betre no.

Trur du det blir fleire bøker?

Ja, det må det bli. Før skreiv eg alltid noveller, men no synest eg det er litt kjedeleg. Eg har lyst å skrive ein tynn roman. Førebels har eg berre ein idé.

LES SAKA I STUDVEST (på bokmål)!