Atomkraft kuttar norsk straumpris

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den tredje atomreaktoren ved Olkiluoto i Finland skulle eigentleg vera ferdig i 2009. Men forseinkingar har gjort at det som vil bli verdas største atomreaktor først står ferdig i slutten av 2013.

Når reaktoren står ferdig vil effekten vera på 1600 MW – over ti gonger så mykje som Alta kraftverk. Og endå meir kraft er venta å koma i den nordiske kraftmarknaden frå andre atomkraftverk.

Felles kraftmarknad
I fjor vedtok den finske riksdagen eit prinsippvedtak med støtte til to av tre søknader om bygging av nye kjernekraftverk.

Våren 2010 opna den svenske Riksdagen for å byggja ti nye reaktorar som erstatning for dei ti aldrane reaktorane som no er i drift i landet. Dersom det blir noko av dette, vil det føra til lågare prisar i heile Norden – også Noreg.

– At både Finland og Sverige nå satser mer på kjernekraft, vil på sikt gi Norden et betydelig kraftoverskudd, og bidra til både å styrke forsyningssikkerheten i Norge og holde prisene nede på et nivå som trolig er lavere enn ellers i Europa, sa kommunikasjonsdirektør Tor Inge Akselsen i Statnett til E24 i fjor vår.

Ny vår for kjernekraft
Sverige og Finland er berre nokre av landa som har dei siste åra blitt meir positive til atomkraft. Fleire land har utvida levetida til fleire av atomkraftverka sine, og i tillegg varsla bygging av nye. Totalt er det 63 atomkraftverk under bygging rundt om i verda.

LES MEIR: Kampen om karbonet

Kampen mot klimaøydeleggingane har gjort at atomkrafta har fått nye støttespelarar. Og på russisk side av grensa til Noreg, har Murmansk-guvernøren teke til orde for bygging av eit nytt kjernekraftverk for å møta behovet for meir kraft i samband med Shtokman-utbygginga.

Avlyser atomfesten?
Jordskjelvet i Japan 11. mars kom på eit verst tenkeleg tidspunkt for atomkraftforkjemparane. Den tyske kansleren Angela Merkel har no mellombels stengt atomkraftverka i landet.
På energikonferansen Energiutblick 2011 denne veka, avlyste den svenske miljøvernministeren Andreas Carlgren ein ny stor era for atomkrafta.

– Hendinga i Japan stiller spørsmålsteikn ved tryggleiken til kjernekraftverk verda over. Også i Sverige, sa Carlgren ifølgje Teknisk Ukeblad.

Kva meiner du? Treng me atomkraft for å hindra klimaøydeleggingar?

Faktaboks

* I desember var det 442 reaktorar i drift i 30 land. Dei står for om lag 14 prosent av produksjonen til elektrisiteten i verda. Ei rekkje reaktorar har allereie fått forlengt levetida med 20 år.
* Energiforbruka i verda aukar, og ifølgje ein ny rapport frå IAEA vil bidraget frå kjernekrafta vekse betydeleg. Ifølgje IAEA-prognosar vil den totale atomkraftkapasitetet til verda liggja eit stad mellom 437 og 542 GW i 2020 og mellom 473 og 748 GW i 2030.
* Av dei 30 landa som i dag har atomkraft, vil 24 land tillate bygging av nye reaktorar. I tillegg har over 40 nye land vist interesse for kjernekraft dei siste åra.
* IAEA meiner drivkreftene bak den veksande interessa er vekst i energiforbruket, forsyningstryggleik, prisvekst på fossilt brensel og klimautfordringa.