Difor bør Sp ut av regjeringa

Sveinung Rotevatn
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Denne helga samlast Senterpartiet til landsmøte på Hell i Nord-Trøndelag. Som vanleg er politiske kommentatorar og journalistar mest opptekne av det taktiske spelet rundt regjeringa, og fleire leiande senterpartistar, inkludert kronprins og sannsynleg neste partileiar Ola Borten Moe, vil på ingen måte utelukke at Sp kan kome til å søkje samarbeid med andre parti enn dei raudgrøne etter valet i 2013.

Dette gjer at mange i både mitt eige parti, i KrF og til dels i Høgre ser moglegheitene til å danne ei ny regjering med eit breiare parlamentarisk grunnlag  – og med mindre makt til Frp. Dette kan i og for seg ha mykje for seg. Senterpartiet er ikkje eit sosialistisk parti, og kunne nok finne ein del felles treffpunkt med dei borgarlege partia. Mange i Senterpartiet ivrar for eit borgarleg samarbeid/sentrumssamarbeid.

Eg er likevel svært skeptisk til å sleppe Senterpartiet til i regjeringskontora. Dette har ingenting med taktikk å gjere, men er ei rein politisk vurdering. Fordi mange av dei politiske standpunkta som mange i Senterpartiet meiner er «sentrumspolitikk» er eg som liberalar heilt usamd i. Og nettopp desse politiske standpunkta er grunnen til at eg meiner Senterpartiet for landets beste ikkje burde sitje i regjering, det vere seg ei raudgrøn eller borgarleg utgåve.

1. Landbrukspolitikken. Senterpartiet er bremsekloss nummer éin når det kjem til å fjerne unødvendige reguleringar og sleppe den norske bonden fri. Den norske landbrukspolitikken er av dei mest politisk styrte i Europa, og kan med rette kallast planøkonomisk.

2. Frihandel. Dette heng sjølvsagt nøye saman med punkt nr. 1. Skal vi klare å produsere nok mat i verda, løfte u-land ut av fattigdom og sørgje for optimal utnytting av ressursane er vi heilt nødt til å redusere tollmurar og fjerne handelstariffar. Noreg har saman med Sveits blitt kåra til det landet i verda med aller verst politikk mot u-land når det kjem til frihandel, og Sp blokkerer for utvikling også på dette området.

3. Kommunesamanslåing. Noreg har 430 kommunar, ein struktur som har lagt meir eller mindre fast sidan 60-talet. Sidan då har det vore enorm utvikling innan samferdsle og infrastruktur, og dei reelle bu- og arbeidssonene i Noreg er kanskje så få som rundt 100, i følgje SSB. Skal innbyggjarane ta tilbake kontrollen frå dei udemokratiske interkommunale selskapa må kommunegrensene flyttast, og resultatet må bli større og sterkare kommunar. Her legg Senterpartiet ned veto i regjeringa.

4. Strukturendringar. Det er ikkje berre i spørsmålet om kommunesamanslåing Noreg treng store strukturendringar. Dette gjeld til dømes også i helsesektoren, innan høgare utdanning og i justis-/politisektoren. Samnemnaren er at ein treng større og sterkare einingar, men også her blokkerer Senterpartiet for nødvendige endringar.

5. Innvandring og asyl. Komande nestleiar Ola Borten Moe har tidlegare gått hardt ut og rørt i brunt hav når det gjeld synet på muslimar og islam, og har profilert seg som ein forsvarar av «norske verdiar». Politikarar frå Sp har også gått inn for å gjeninnføre passkontrollen mot Sverige, og partiet har generelt ei kritisk haldning til innvandring. Eg meiner Noreg treng fleire innvandrarar, og eg meiner regjeringa sin asylpolitikk – som Sp, i motsetnad til SV, er med på – er hjarterå og inhuman.

6. EU-saka. Senterpartiet er dogmatiske motstandarar av gjensidig forpliktande, europeisk samarbeid. EU har gjennom 60 år garantert fred, vekst, solidaritet, frihandel, miljøvern og menneskerettar i Europa. For ein liberalar er det openbart at Noreg bør vere med på ei slikt samarbeid, i staden for å vere eit haleheng gjennom den udemokratiske EØS-avtalen. For Senterpartiet er det ikkje like openbart, noko som nok heng saman med mellom anna punkt 1, 2 og 5.

7. Dyrevern. Eg meiner Noreg har eit ansvar for å ta vare på ein sterk og levedyktig rovdyrstamme, for å forby den unødvendige og dyrefiendtlege pelsdyrindustrien og for å stramme inn på dyrevelferdskrava for burhøns og andre husdyr. Senterpartiet meiner alt er fint og flott som det er, med unnatak av dei 33 ulvane vi har i Noreg – som partiet vil skyte.

8. Konservative verdiar. Senterpartiet skryt av å ikkje ha nokon politisk ideologi (sic!), men må likevel kunne karakteriserast som eit konservativt parti. Dei har vore djupt skeptiske til like rettar for homofile og heterofile, er sterke tilhengjarar av kongehuset og meiner det er heilt ok å kalle inn kvar generasjon av gutar til tvangsarbeid i Forsvaret. Det meiner ikkje eg.

9. Særinteresseparti. Senterpartiet har som sagt ingen erklært politisk ideologi, og er mest opptekne av å få gjennomslag for gode jorbruksoppgjer for bøndene. Det må dei gjerne vere opptekne av, og gjerne kjempe for i opposisjon, men eg meiner parti som tek mål av seg om å styre landet bør erkjenne seg til eit heilskapleg politisk engasjement og ein heilskapleg politisk ideologi.

10. Liv Signe Navarsete. For alle som ikkje har sett partileiaren sin entré til Senterpartiets landsmøte endå tilrår eg å ta ein titt på denne videoen. Å gjere entré til Gonna Fly Now frå Rocky-filmane seier det meste om denne dama sitt oppblåste sjølvbilete. Tackyyyyy….

Den observante lesar vil legge merke til at også mitt eige parti Venstre er delvis på linje med Senterpartiet i nokre av desse sakene, mellom anna EU-spørsmålet. Men slikt gamalt sentrums-slagg skal vi klare å gjere noko med, og det er først og fremst min og Unge Venstre sin jobb.  For ikkje å virke heilt svartmalande skal eg likevel til slutt liste opp nokre formildande omstende som gjer at Senterpartiet er mogleg å samarbeide med, og som trass alt er døme på politiske saker som særleg sentrumspartia står saman om.

1. Miljø. Senterpartiet er gode på satsing på fornybar energi. Dette er heilt avgjerande for å få ned Co2-utsleppe i Noreg og sikre rein energiforsyning til norske og europeiske husstandar.

2. Desentralisering. Trass i det rigide synet på kommunesamanslåing er Senterpartiet generelt opne for desentralsering av makt og å flytte fleire oppgåver ned til lokalt, folkevald nivå. Det er bra.

3. Narkotika. Senterpartiet har ein heilt ok politikk når det gjeld synet på rusmisbruk og narkotika, og deler mykje av Venstre sitt tankegods når det gjeld å sjå på narkomane som personer som treng helsehjelp, ikkje straff.

4. Offentleg vs. privat. I motsetnad til sine regjeringspartnarar har Senterpartiet eit pragmatisk tilhøve til spørsmålet om kven som skal drive offentlege tenester. Det avgjerande er sjølvsagt ikkje om tenestetilbodet kjem frå ein offentleg eller privat arbeidsgjevar, det avgjerande er at alle skal ha krav på gode tenester.

Eg ynskjer Senterpartiet lukke til med landsmøtet. Måtte dei snart få avløysing i regjeringskontora.  

Faktaboks

Her kan du følgja landsmøtet på direkten: