AP størst blant ungdom

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framgangen er på 7,6 prosentpoeng til 33,4 prosent sidan sist måling for eit halvt år sidan.

– Dette er utruleg bra tal. No gler me oss til valkamp, seier AUF-leiar Eskil Pedersen til auf.no.

TEMA: LOKALVALET 2011

Det er ANB som melder at Arbeidarpartiet igjen er det klart største partiet blant ungdom mellom 18 og 25 år. Sist gong var det Framstegspartiet, som då fekk 26,4 prosent av ungdomsrøystene. Partiet får no støtte frå 24,1 prosent av dei unge, medan Høgre får støtte frå 19,8 prosent.

– Eg ser ungdomstala i desse meiningsmålingane som ein inspirasjon. Me har absolutt gode høve til å gjera eit godt kommuneval til hausten, minst på linje med det me oppnådde førre gong. Og så må me satsa vidare fram mot stortingsvalet om to nye år, seier statsminister Jens Stoltenberg til ANB.

Korleis trur du det går i valet til hausten?