Ram svanesong

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag 10. mars spelte dei i Bergen for siste gang, og endeleg punktum vert sett på John Dee i Oslo 2. april. Bandet er godt nøgde med kor langt dei har kome. På grensa til uhørt, seier dei.

– Det heile har gått langt betre enn me håpa på. Me har nådd toppen no, så det er ikkje vits i å dra det lenger. Me skulle ha det morosamt, men no var det i ferd med å bli for seriøst. Det var ikkje eit mål å ende opp som til dømes Postgirobygget, som har gitt ut fleire skiver, men framleis hovudsakeleg spelar låtar frå debutskiva Melis, seier vokalist Geir «Gråbein» Nordby.

Opptekne av målsaka
Nordby fortel at heile prosjektet starta som eit humoristisk motsvar til bandet til Atle Antonsen og Johan Golden, DDR, som spelar låtane til DDE på tysk.

– Me snakka ein del om det på festar og slikt, at det måtte gå an å gjere det motsatte; å oversetje tyske låtar til norsk. Det ble Rammstein fordi det var det tyske bandet me alle likte best, seier Nordby.

GÅ TIL MUSIKK-SIDENE VÅRE!

Sjølv om dei kjem frå Oslo, viste nynorsk seg som ei naturleg målform.

– Fyrst prøvde me å oversetje til bokmål, men det fungerte ikkje. Med nynorsk klarte me derimot å halde på det harde uttrykket frå tysk. Det heile vert meir teatralsk, seier han.

Får skryt
Å halde fram med nynorske tekstar vart etter kvart viktig for bandet.

– Me har alltid slått eit slag for sidemål generelt. Det kokte ned til eit spørsmål om kven me skulle heidre. Knud Knudsen var jo berre lat og bytte ut nokre blaute konsonantar, og på den måten laga eit fornorska dansk. Ivar Aasen har faktisk teke runden med penn og papir. Ære til han for det, meiner Nordby.

Odin Hørthe Omdal, leiar av Studentmållaget i Bergen, har berre gode ord å sei om bandet.

– Det er synd at dei no legg opp. Dei er heilt klart ein av dei kule artistane som syng på nynorsk, og dei rettar opp ein del av det negative ryktet til målforma, seier han, og fortel at studentmållaget også har spandert billettar til Rammsund-konsertar på medlemmane sine.

– Gode minner
Bandet sjølv slit med å avgrense seg når dei blir bedt om å framheve høgdepunkta. Nokre ting står likevel fram — som ølrekordar og Biker-Jens.

– Det blei selt øl for 100 000 kroner på ein konsert me hadde på Rockefeller, som er heilt i toppen av kva ein kan forvente, seier Nordby.

– Å halde konsert for 3000 skinnjakker på Vinstra var eit høgdepunkt. Biker-Jens kom bort til oss og ba oss kome til Danmark etter konserten. Han sa han skulle fikse show, skyt bassist Espen «Basse» Kregnes inn med eit smil.

Alt i alt er det mykje positivt å hugse.

– Fyrst og fremst sit me att med mange gode minne. Me har vore på mange plassar me elles aldri hadde vore på. Me har både sett midnattsol og vore i Sauda, seier Nordby.

LES SAKA HOS STUDVEST!

Faktaboks

RAMMSUND
    * Eit tributeband som speler Rammstein-låtar på nynorsk.
    * Spelte på Det Akademiske Kvarter torsdag 10. mars.
    * Skal framleis spele saman, men no under navnet Staal, som har vore eit sideprosjekt til Rammsund.
    * Består av Geir «Gråbein» Norby (vokal), Espen «Basse» Kregnes (bass), Bjørn «Kvitebjørn» Solfjeld (gitar) og Jossi Cash (gitar).
    * Har omsettingar som «Hjartet mitt brenn» («Mein Herz Brennt»), «Lemmen min» («Mein Teil») og «Du duftar godt» («Du riechst so gut»).