Gullungar blir tv-kjendisar

Kan glasurgenerasjonen klara seg utan mamma og pappa?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan glasur- ungdom klara seg sjølv?

Kvinnheringen Remi Andreas Kvalheim blir no tv-kjendis i programmet «Gullungene» på TV Norge, melder kvinnheringen.no.

Det nye programmet har premiere onsdag kveld, og skal handla om seks bortskjemte ungdomar i alderen 18–25 år som no skal flytta saman og klara seg utan foreldre, Facebook og vener. Ein av dei seks ungdomane er Remi (25) frå Husnes. I kvar episode skal ungdomane inn i ein ny jobb for å tena til livets opphald, og dei må sjølve må ta ansvar for husarbeid og økonomi. Ungdommene får prøva seg som lærarar, bønder, omsorgsarbeidarar, meglarar og designarar.

På sidelinja følgjer foreldra deira med for å evaluera ungdomane, og den med størst utvikling kan vinna heile 100.000 kroner.

Stemmer det at ungdommen no til dags er ein gjeng bortskjemte, late narsissistar som kun bryr seg om shopping og spraytan? Kan dei klare seg uten mamma og pappas uuttømmelige lommebok?