Aukande skilnad i bustadmarknaden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aukande skilnad i bustad- marknaden

Magnar Myrtveit er ein av dei heldige. For ein månad sidan flytta han, saman med dei to søstrene sine, inn i leiligheita foreldra har kjøpt like ved Studentsenteret.

– Eg kunne ikkje budd her viss det ikkje hadde vore for foreldra mine, seier datavitskapstudenten. Han hadde leika med tanken på å kjøpe i Bergen sjølv, men fortgang på sakene blei det først då foreldra opna lommeboka.

– Det var meir gunstig for dei å kjøpe enn for meg. Lånet får dei jo avskrive på skatten, påpeiker Myrtveit.

Han ser ikkje ser bort frå at det kan oppstå ein klasseskilnad der førstegongskjøparar er avhengige av ressurssterke foreldre.

– Alle klarer jo å leige ein stad med OK standard, men å kjøpe blir vanskeleg utan litt backing heimefrå, seier Myrtveit.

– Openbar klasseskilnad
Som følgje av finanskrisa påla Finanstilsynet alle bankar å ikkje innvilge lån til kundar med mindre enn ti prosent i eigenkapital.

Banksjef Sylvelin Gunnarson i DnB NOR Bergen Sentrum meiner det aukar presset på foreldra.

– Det er heilt openbart ein klasseskilnad på bustadmarknaden. Dei med ressurssterke foreldre får eit fortrinn med tiprosentregelen. Få nyutdanna har ti prosent eigenkapital, seier ho.

Stadig fleire får derfor hjelp av mor og far i form av forskot på arv, gåve, lån eller at dei stiller med sikring i eigen bustad. Kjenner i tillegg banken til foreldrene, er ein langt på veg, ifølgje Gunnarson.

– Har foreldra eit godt forhold til banken, er dette noko vi vektlegg. Slik vil det alltid vere i bankar med lokal forankring, meiner ho.

Helsestudentar vinn
Forutan ressurssterke foreldre ser bankane på kva du studerer.

– Vi ser etter kor langt ein er i studieløpet, arbeidsmarknaden etter endt utdanning, ønskjeleg stilling og planen dersom ein ikkje får jobb, seier Gunnarson.

Ho fortel at studentar innafor helsesektoren får lån lettare enn humanistar og kunststudentar.

– Arbeidsmarknaden på til dømes Kunsthøgskolen er smal. Då gjeld det å vise at ein er medviten på inntekter og utgifter, samt at ein har ein plan på korleis ein kan betjene lånet. Vi vil ikkje nokon skal begynne vaksenlivet med gjeldsproblem, seier Gunnarsson.

Ufrivillige leigetakarar
Stig Høisæther i Leieboerforeningen i Bergen seier at mange av hans medlemmar er ufrivillige leigetakarar grunna det han kallar klasseskilnaden i lånemarknaden.

– Dei kjem til oss og seier dei vil eige, men at dei ikkje har foreldre som kan hjelpe dei, fortel han.

I Bergen er det for få einingar i forhold til kor mange som vil kjøpe, noko som er ugunstig for prisnivået. Høisæther meiner styresmaktene må gripe inn.

– Regjeringa må inn med ei prisregulering ved å innføre makspris. Gjerne i form av førstegongsbustadar til studentar og nyutdanna, seier Høisæther.

Utelukkar prisregulering
Statssekretær Hege Solbakken i Kommunal- og regionaldepartementet vedgår at bustadmarknaden kan vere krevjande for førstegongsetablererar, men ho vil ikkje høyra snakk om noko prisregulering.

– Det er ikkje ein debatt i dag. Ordninga førte til misbruk. Det blei mykje pengar under bordet for å skaffe seg ein slik bustad. Mange som verkeleg trengde dei prisregulerte bustadane kom ikkje til. Slik ønskjer vi ikkje å ha det, seier Solbakken.

Ho peiker på startlånet frå kommunane, samt bustadtilskot for vanskelegstilte og førstegongskjøparar, som tiltak frå staten si side. I tillegg er det sett ned eit bustadutval.

LES MEIR I STUDVEST!

Faktaboks

RÅD TIL FØRSTEGONGS- ETABLERARAR
* Tenk vidare enn sentrumskjerna. Det som ikkje virker like sentralt og attraktivt i dag, kan være ein god investering for framtida. Laksevåg blir peika ut som eit område i stor vekst.
* Søk kommunen om startlån.
* Vis oversikt og kontroll over gjeld, inntekter, utgifter og eventuelt oppsparte midlar.
* Skaff ein deltidsjobb der du seinare kan få full stilling dersom du ikkje skulle få draumejobben med ein gong.
* Start BSU-sparing med ein gong du får inntekter det gir ein fin start på sparing av egenkapital.

Kjelde: Banksjef Sylvelin Gunnarson i DnB NOR Bergen sentrum