Regjeringa bryt lærarløftet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

14,9 elevtimar per lærartime på ungdomstrinnet. Det er landssnittet i 2010, ifølgje rykande ferske tal frå Statistisk sentralbyrå. Talet i 2009 og i 2008 var 14,8.

Dermed har det ikkje blitt noko av lovnadene om fleire lærarar.

I Soria Moria-erklæringa frå 2005 lova regjeringa at auka lærartettleik skal gi rom for betre oppfølging av den enkelte elev, og ingen kontaktlærar skal ha ansvar for meir enn 15 elevar.

I regjeringserklæringa frå 2009 lovar regjeringa å leggja til rette for fleire lærarar gjennom styrka kommuneøkonomi og ved å endra opplæringslova for å sikra ei maksimumsgrense for talet på elever per lærer på kvar skule.

Ei slik maksgrense er enno ikkje på plass. Talet på kommunar med fleire enn 15 elevtimar per lærartime har auka det siste året.

Fleire får spesialundervising
Talet på elevar som får spesialundervising er samstundes aukande.

Ifølgje dei førebelse tala til SSB var det i 2010 8,2 prosent av elevane som fekk spesialundervising. Dette er ein oppgang frå 7,6 prosent i 2009.

Kva meiner du skal til for å skapa ein betre ungdomsskule?