Åtvarar mot fagleg hjernevask

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kva er objektiv vitskap? spør Erik Reinert, norsk professor i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Tallinn retorisk.

– Jo, objektiv kan du først vere når du har sett gjenstanden du studerer frå flest moglege vinklar. Slik samfunnsøkonomifaget fungerer i dag, gjeld éin vinkel, eitt sett av verktøy. I eit kva for eit som helst anna samfunnsfag ville dette vore uakseptabelt.

Reinert har lengje vore rekna som kontroversiell. Særleg ved Universitet i Oslo (UiO), der han forlét forskarstillinga si i 1999, har han få meiningsfellar etter å ha vore ope kritisk til det faglege innhaldet som blir formidla der.

Førre veke gjesta han den venstreradikale tankesmia Manifest sin årskonferanse, og tok samstundes ein prat om det norske fagmiljøet han reiste frå.

Urealistisk økonomi
– Dagens økonomifag er for tydeleg definert utifrå kva for verktøy ein brukar. I Noreg er tradisjonen for at studentane blir lært opp i éin tankegang, éin vinkling på verda, spesielt sterk. Det blir eit slags hjernevask. Økonomi legg premisset for nestan all politikk, og når tankegangen er den same over heile fjøla, får politikarane for få alternativ, meiner økonomen, som no er professor ved Tallin Tekniske Universitet.

Han meiner dei norske lærestadene skapar eit urealistisk syn på økonomi ved å formidle faget som eit abstrakt, teoretisk disiplin, og ikkje som ein konkret og faktisk prosess.

– Den dominerande linja i faget i dag utgjev seg for å vere eit slags realfag – som om det var sosial fysikk. Faget blir lagt på eit så abstrakt og generelt nivå at det ikkje ser skilnad på verdiar. Slik lærer studentane eit økonomifag med vesentlege «blinde flekkar», konkluderer han.

Storpolitikk
Professoren ser det som heilt sentralt å skilje mellom verd i form av aksjar i fond – finansøkonomi – og verd i form av ein fabrikk som produserer konkrete produkt – realøkonomi. Erik Reinert er blant dei som hevdar at Noreg må lære seg at det er dei konkrete produkta som er dei viktigaste verdiane for framtida.

Han brukar det norske oljefondet som døme.

– Investeringane til oljefondet er spreidd rundt i ei mengd aksjar og fond, der me håpar at pengane skal stå og veksa. Dei tradisjonelle økonomane likestiller verdien i aksjane med det verdien som ligg i å ruste opp jernbanar eller byggje ut industri. Slik underinvesterer vi i vår eiga framtid, hevdar han.

TEMA: SJÅ SAMFUNNSØKONOMI-SIDENE VÅRE!

Vidare viser han til korleis han meiner investeringane i ein ustabil aksjemarknad fortreng naudsynt satsing på infrastruktur, innovasjon og teknologi som framtida har behov for.

– Noreg oppfører seg som eit land som skal gå av med pensjon, oppsummerer han.

Meir historie, mindre fysikk
Reinert har lengje vore forkjemper for ein meir erfaringsbasert tilnærming. Han hevdar det å studere økonomisk historie kan gje gode peikepinnar på framtida.

– Innanfor den dominerande tradisjonen blir til dømes finanskriser teoretisk umoglege. Men dei finst jo i praksis! Ser vi på historia er forløpet frå siste krisa slett ikkje unikt, seier han.

– Men kva treng faget etter meininga di? Eit brot eller ei reform?

– Ei endå større krise. Økonomien går i bølgjer, og historia viser at jo lenger sidan det er førre krise, jo meir abstrakt utviklar faget seg. Ved kriser «hentar det seg inn» og blir meir konkret orientert, som under den franske revolusjonen og etter finanskrisen i 1847.

Ikkje politisk
Med dei alternative løysingane sine blir Erik Reinert ofte omfamna i venstreradikale kretsar, men sjølv seier han at synet hans på økonomifaget har lite med politisk orientering å gjere.

– Eg er slett ikkje sosialist. Mange av dei som kallar seg sosialistar er dessutan like fastkøyrte i den same tradisjonen som økonomar langt til høgre, hevdar han.

Ifølgje Reinert viskast altså politiske skilnader mellom vordande økonomane ut, når alle er oppdratt i den same tradisjonen.

Trakk seg frå utval
Jens Stoltenberg blir rekna som representant for den dominerande tradisjonen, og er hovudarkitekten bak oljefondet Reinert brukar som døme i kritikken sin.

Då regjeringa sette ned Finanskriseutvalet i 2009, vart han lansert som kandidat til gruppa. Kontoret til statsministeren nedla straks veto mot deltakinga til Reinert, men trekte vetoet berre timar seinare.

Etter litt over eit år valde Reinert sjølv å trekkje seg frå utvalet, i ein personleg protest mot det han opplevde som eit straumlinjeforma økonomisyn.

– Det var den beste måten å få fram poenget mitt på. Einsrettinga av faget er styrt frå høgaste hald, avsluttar Reinert.

– Har eit mangfald av metodar og innfallsvinklar
Nestleiar ved Økonomisk institutt ved UiO, Steinar Halden, kjenner seg ikkje igjen i kritikken til Erik Reinert.

Han presiserer at studentane òg lærer kvalitative metodar, sjølv om han ikkje ser det umiddelbare behovet for eit eige økonomisk historiefag, slik Reinert gjer. Halden understrekar at dei kvalitative metodane ofte ikkje er nok.

– Dersom ein ynskjer tallfesta svar – som til dømes kva den økonomiske veksten blir på neste år – må vi bruke kvantitative metodar.

– Men fører det til at faget har «blinde flekkar»?

LES OGSÅ: Fleirtal vil ha høgare skattar

– Nei, faget er særs mangfaldig. Men det er klart at faget er blitt så stort og krevjande at dei fleste berre har oversyn over nokre område. Difor vil den einskilde økonomen ha blinde flekkar.

– Som til dømes?

– Akkurat slik ein lege kan vere ekspert på nyrer, men kan få problem med å stille generelle diagnosar, kan økonomar òg ha det når dei blir veldig spesialiserte. Faget er stort og komplisert. Og økonomar kan sjølvsagt ta feil, som Greenspan (USAs tidlegare sentralbanksjef, journ. anm.) og co. då dei bomma stygt i forkant av finanskrisa. Men eg vil gjerne påpeike at finanskrisa òg vart føresett av konvensjonelle økonomar – og ikkje berre av einskilde frå meir alternative miljø.

Òg Handelshøyskolen BI utdannar samfunnsøkonomer.

Prorektor Hans Morten Dalen ynskjer ikkje å kommentere saka ut over ei setning:

– Undervisinga vår er godt forankra i internasjonal forsking. Eit variert fagmiljø, beståande av både internasjonal og norsk kompetanse, gir undervisinga eit breitt økonomisk tilsnitt.

LES SAKA I UNIVERSITAS (på bokmål)!